Slett ikkje gale  Trio damelag sesongen 2019. Foto: Carina Wangensten. 5.div kvinner: Trio-Stord 2 0-4. Damelaget tok i mot seriens beste lag til første haustkamp. Kampen gjekk på Husnes stadion, då seniorlaget har fått byta til grasbanen som hovudbane for haustsesongen. Trass i baklengs heilt i starten, gjorde vi ein grei prestasjon mot eit temposterkt Stord-lag.
13.08.2019 |
Kampoppsett og program Rema 1000 Husnes Cup 2019 Det er halvanna veke til årets Rema 1000 Husnes Cup. Helga 16.-18.august brakar det laus i Husnes idrettspark. 55 lag er påmeldt og 135 kampar skal spelast. Revidert kampoppsett er lagt ut 9.august. No er også cupprogrammet tilgjengeleg.
13.08.2019 |
Fleire bileter frå Stordleikene  Sander flyg over 1,05 i høgde på Stordleikene. Ådne Opsanger-Tveit, Sander S. Jensen og Heine S. Jensen deltok på Stordleikane i helga. Ådne og Sander deltok i øvingane 600 m, liten ball, høgde, 40 m og lengde. Heine deltok i liten ball, 40 m og lengde. Alle var godt fornøyd med eigen innsats, der dei sette nye persar. Veldig kjekt stemne som gav meirsmak til å trena og satsa vidare. Tekst og alle foto: Ingunn Sæverud Jensen.
12.08.2019 |
Stordleikane 2019  Ådne til topps i kule på Stordleikane. Stordleikane med diskos på programmet fredag ettermiddag. Det var god påmelding i gutter 15-klassen i diskos og flere gode kastere. Ådne med brukbart treff med 40.15 meter som holdt til 2. plass.
12.08.2019 |
Friidrett: Resultater frå seriestemne 31.juli Vedlagt er resultater frå seriestemne i friidrett på Husnes stadion 31.juli.
03.08.2019 |
Friidrettsdeltaking i Gøteborg Världsungdomspelen i Gøteborg sist helg er et internasjonalt stevne med høyt nivå. Ådne Olsen fra Trio deltok i kule, slegge og diskos.
03.07.2019 |
Trio på Ironman 70.3  Ei særs sliten Trude vert teke i mot av Terje ved målgang. Laurdag deltok Kenneth Blom, Trude Sundsteigen og Terje Nes på Ironman 70.3 i Haugesund. Dei to sistnemnde debuterte i Ironman, medan Kenneth har fleire slike konkurransar bak seg. Ironman er langdistanse-triatlon, og blir arrangert enten som halv- (70.3 miles) eller fulldistanse (140.6 miles).
01.07.2019 |
Bronsemedalje til Trio J15 i Sør Cup!  J15 sikra bronse i Sør Cup etter siger på straffar mot Asker Sør Cup 2019, Bronsefinale J15, Trio - Asker Sort 1-1 (0-1), 4-2 på straffer.
Vi var spente på kor mykje semifinale hadde kosta både fysisk og mentalt før kampen om bronsen. Dette viste seg å vera heilt uberettiga, jentene var 'oppe igjen' etter ein litt 'under pari' kamp dagen før og var overlegne i bronsefinalen. I målprotokollen var det likevel likt etter 2x25 pluss 2x5 min og det heile måtte avgjerast på straffespark. Her var vi heldigvis skarpe og vann relativt klart 4-2. Dermed flott pokal og fortente bronsemedaljar etter ein meget bra gjennomført cup av laget.
27.06.2019 |
Tap i semifinalen for J15, bronsefinale i morgon  Trio jentene måtte tirsdag sjå seg slått i semifinalen i Sør Cup etter ein jevn kamp mot Hei IL Sør Cup 2019, semifinale J15: Trio - Hei 0-2 (0-1).
Trio jentene hadde fryktelig lyst til å spela finale på Sør Arena, kanskje litt for lyst, for i semifinalen mot Telemarks laget Hei IL så kom ikkje jentene opp på sitt beste nivå og tapte til slutt 0-2. Vi hadde sjansar nok, men marginar og dommaravgjersle var heller ikkje heilt med oss i dag.
25.06.2019 |
Siste før ferien  Trio damelag sesongen 2019. Foto: Carina Wangensten. 5.divisjon kvinner: Sædalen/Kalandseid-Trio 0-0. Damelaget avslutta vårsesongen med ein bortekamp der troppen bar litt preg av at fleire var reist på ferie og cup, samt anna fråver. Men like fullt, 14 damer på tur og ingen problem med å stille lag.
23.06.2019 |