Julestemne i svømmegruppa |
 | Eit stolt C-parti med sine premiar. Klikk på bileta for full storleik. Tekst og alle foto: Hans Haukland. |
|
|
Trio Svømmegruppe heldt sitt årvisse julestemne søndag. Dette er eit stemne som alle svømmarane er med på, uansett ferdigheitsnivå. Etterpå var det avslutning i gymsalen, med enorm oppslutnad. |
|
 | Full innsats i bassenget framfor spente og stolte foreldre. |
Ungane svømmer kun for moro skuld, men sjølvsagt ligg tanken om å gjere det best muligt der. Under stemnet vart mange barrierer brutt for dei minste svømmarane. Dei fikk vere med på eit stemne, samtidig svømte dei med familien sin rundt seg. Det var mang ein stolt far, mor og besteforelder som såg poden sin gjennomføre sin første 25 meter, med etterfulgte litt tårevåte auger. Dette gir oss trenarar mykje og sjå at arbeidet vi legg ned i basenget gleder barna og deiras familie.
|
|
 | Jentene klare til start. |
Etter at stemnet var ferdig, vart det halde premieutdeling i gymnastikksalen, der alle svømmarane fekk utdelt deltakarmedalje. Det var også utdeling av dei høgthengande innsatspremiene for året. Alt etterfølgd av inntak av rikelege mengder kake, pølse og brus i lag med familie, arrangert av ein flott dugnadsjeng på kjøkkenet.
|
|
 | Arne styrer lyden. |
Under festen i gymnastikksalen vart det heldt ein liten basar, som Arne styrte glimrende. Premier levert av det lokale næringsliv vart lodda ut. Og det skal seiast at det lokale næringsliv ikke sparte på gevinstar til Trio si svømmegruppe. Der vi var inne og spurte om gevinstar, vart vi godt tatt i mot og dei ga oss rett så flotte gevinstar, som vi kunne lodde ut til inntekt for svømmegruppa.
|
|
Vi i svømmegruppa vil også rette ein stor takk til Kvinnherad Kommune, som let oss få bruke svømmehallen når vi ønsker det.
Takkar for eit vel gjennomført julestemne til alle involverte.
- Hilsen Hansemann, Geir Sverre, Arne, Kjetil og Bård
|
|
.
|
|
 | Stolte delfinar med premiar. |
|
.
|
 | Stolte A-svømmarar. |
|
.
|
 | Flink trenarstab i svømmegruppa. |
|
.
|
 | A-partiet klare til start. |
|
.
|
 | C-partiet førebur seg til start. |
|
.
|
 | Innsatspremier til Stian Sebastian, Vetle og Kristoffer. |
|
.
|
 | Eit velfungerande sekretæriat. |
|
.
|
 | Godt med folk på avslutninga. |
|
.
|
 | Dugnadsånden lever enno. |
|
. |
|
|
|
|