Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Nostalgi: Krinsmeistrar for 40 år sidan

Lillegutlaget til Trio vart krinsemeistrar i 1965. Det var stor stas for oss 10-11-åringane å reisa til Etne og overnatta. Dette laget var ganske godt. Vi var med i kampen om krinsmeisterskapet i fleire år etter Etne-turen. Trenaren vår var legendariske ”Vetle-Hansen”, Hans Saghaug.
 

Vi var det første laget Trio stilte med i lillegutklassen i Sunnhordland Fotballkrins. Dei fleste av oss gjekk på Sunde skule og var 11 år dette året. Einaste vale-buen var Tore Thoresen. Sigve, Terje og Dagfinn var eit år yngre enn oss andre, - og det er dei framleis!

 

Det knyte seg fleire gode minne til turen. Det var sjølvsagt stort å vinna, men å reisa til Etne på overnatting som 11-åring var ikkje dagleg kost. Vi var både spente og forventningsfulle. Vetle-Hansen trødde Trabanten full av ungar og drakter, resten tok rutebuss.

 
Klikk på bildet for full størrelse
Bak frå venstre: Sigve Solheim, Jan Ove Håvik, Tore Thoresen, Terje Saghaug, Dagfinn Jensen og Egil Storhaug. Framme frå venstre: Odd Eirik Løseth, Arild Saghaug, Einar Nordberg, Svein Røyrvik (målmann), Hallvard Hammerø og Jarle Bjelland.

Kor mange lag som var med hugsar eg ikkje. Vi overnatta i den gamle tyskerbarakka som låg like nedom Steinsvollen, den gamle grasbanen i Etne. Før leggjing var det fullt av Triogutar rundt barakka og skvetta, - det hadde ikkje gått på Vøringsfossen i dag.

To minner sit fast etter denne turen. Hallvard Hammerø hadde fått ny luftmadrass. Dei kan knirka noko for j… Det gjorde Hallvard si og! Ho knirka faktisk slik at Vetle-Hansen truga med å senda både Hallvard og luftmadrassa på dør, dersom det ikkje vart ro.

 

Vetle-Hansen er sentral i det andre minnet mitt og. Hallvard var ikkje før falle til ro, før vi vart vekte av ei forferdeleg hamring. Hansen låg på sida av ein gamal emaljert utslagsvask, slik med gummipolstring på kanten. Inne i avløpsrøyret hadde ei rotte tydelgvis gått seg vill og heldt eit fæla leven rett i øyra på trenaren vår. Som den snarrådige karen Vetle-Hansen var, treiv han besteskoen, med hard hæl, og banka i avløpet så heile forsamlinga vakna. Berre Hallvard sov.

 

- Svein Røyrvik

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart