Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Historikk i Kvinnheringen

Klikk på bildet for full størrelse
Bak frå venstre: Ole Jakop Øvrevik, Idar Gåsemyr, Øystein Skogseth, Birger Grønstøl, Tjerand Lunde og Olav Teigen. Framme frå venstre: Leif Handeland, Magnar Olderkjær, Arne Kaldestad, Magnar Sundsteigen og Johannes Opsanger.
 
Mange har gjerne lese heilsida i måndagens Kvinnheringen med gammal Trio-historikk, skrive av Olav Teigen. Har fått løyve av avisa til å poste dette her også. Har også funne eit gammalt referat frå kampen mot Stord som Olav skriv om.
 

Nettredaktøren har fått låne ei gammal bok med kampreferater frå fleire sesongar av Knut Røyrvik (jada Knut, det har blitt eit langvarig lån, men du skal få ho att :)

 

Og her har eg funne referat frå kampen mot storebror Stord, som Olav fortel om. Det vart ikkje 3-2 slik han skriv, men faktisk 4-3 til Trio. Kampen gjekk 12.juni 1966 og Stord tok leiinga i kampen heile 3 gonger, men Trio kom attende kvar gong, før Olav avgjorde etter pasning frå Tjerand Lunde. Og fotoet er frå denne kampen, og namnet som mangla på biletet i avisa er Leif Handeland (nede til venstre).

 

Her er kampreferatet frå boka til Knut:
'Trio'-Stord.

Søndag 12/6 spela 'Trio' seriekamp mot Stord. Stord var utan poeng i sesongen, men stilte alikevel opp som favoritt. Kampen gjekk i fint somarvær, kanskje i varmaste laget. Det var Stord som først tok leiinga i kampen, men 'Trio' utligna like tter. Tre gonger hadde Stord leiinga i denne kampen, men det var alikevel 'Trio' som gjekk seiersrike av banen. Kampen endte med 4-3 til 'Trio'. Omgangsresultatet var 2-2. 'Trio' sine mål vart innsett av T.Lunde 2, O.J.Øvrevik 1, O.Teigen 1. Domar var E.Pedersen, Etne.

 
 

Her er artikkelen til Olav Teigen, attgjeve med løyve frå Kvinnheringen:

Det var andre (Trio-)tider det

Ei sportsleg adventshelsing frå ein utflytt Valebu.

For ein valebu som voks opp i Klubbavikjo og har budd 35 år i Lærdal, men alltid hatt hjarterøtene i heimbygda, er det sælebot å få Kvinnheringen og følgje med på kva som skjer på heimtraktene. Mykje har endra seg, men kanskje ikkje alt til det betre, skal ein tru orakelet i Handelandsekjo som iblant mimrar litt om tidlegare tider.

 

«Minne frå farne tider» set og fantasien i sving. Det får meg ofte til å tenkje litt på korleis vi hadde det i «gamle dagar» på Valo.

 

For meg var idretten og særleg fotball og skeiser den store interessa. Eg kom tidleg med i Trio som gutespelar og gjekk gradene til A-laget. Etter nokre gode år er det med vemod eg registrerer at Trio i år måtte ned att i 4. divisjon. Er det blitt for mykje alvor og organisering innan idretten i dag på kostnad av individuell utvikling, slik at litt av gleda og overskotet manglar? Eg veit ikkje.

 

Men for oss som samlast på grusbana på Valen på 1960-talet var det i alle fall med genuin fotballinteresse og klare mål om at vi skulle ha det moro. Vi møttest når bana var snøfri om våren og koste oss gjennom sommaren med trening og kampar utan noko særleg organisering. Resultata vart vel så som så, veldig varierande, alt etter dagsforma, men entusiasmen var der heile tida, både blant oss spelarar og publikum.

 

Det var i grunnen eit fantastisk miljø rundt Trio og bana på Valen den gongen. Folk hadde ikkje så mange tilbod, så når det var kamp, kom dei rekande både frå Sunde og Sandvoll for å følgje oss, alltid like engasjerte og med solide kommentarar. Det var og ein del spesielle personar frå sjukehusmiljøet på Valo, som Martin Rokne og Lars Bryn, som var fargerike innslag og gode patriotar.

 

Eg følgde Trio før eg sjølv kom med på laget og hugsar med stor respekt ein del av den eldre garde. Det var kanskje meir kraft enn finslepen teknikk over dei gamle, så når Olsen- og Saghaug-gutta trødde til, måtte dei fleste skygge unna. Og i mål hugsar eg Trio hadde ein spenstig keeper i ein periode. Han heitte Elmer og var frå Sunde. Erling Løseth, som eg seinare fekk som rektor på realskulen på Sunde, var og ein god keeper, for ikkje å snakke om «bamsen» Rikard Pedersen, som og var trenar i mange år. Sia kom meir finslepne teknikarar som Ole Johan Øvrevik, Asbjørn Skår og Reidar Bremerthun med.     

 

Eg hugsar godt min fyrste kamp som gutespelar for Trio. Det skjedde på Bjoa på ei nydeleg grasmatte. Det var ei ny oppleving for oss som kom frå grus, men vi fann oss godt til rette og vann kampen. Av ein eller annan grunn var eg venstrefotspelar, det kom av seg sjølv og gjorde at eg stort sett opererte på venstrevingen på Trio. Det var ofte greitt å runde backen «feil veg» og servere innlegg føre mål.

 

Turane med Trio på den tida var også noko for seg sjølv. Særleg når vi reiste med skøyte til Bjoa, Bremnes, Stord og Halsnøy. Ein alvorsam og kampglad gjeng ut, men på heimveg vart det ofte feira både siger og tap i lystig lag i lasterommet.

 

Eg hugsar godt ein gong vi kom til Stord og det sto ein ungdomsgjeng på kaia som prøvde å demoralisere oss med å rope «det er hol i gjerdet på Valo». Det kunne dei ha spart seg, for særleg Stord og Odda vart som oftast eit nummer for store, men Halsnøy og dei andre kvinnheradlaga hadde vi ofte godt tak på.

 

Sjølv om vi ikkje hadde noko organisert trening, så var mange av spelarane i god fysisk form. Dette var før bilen vann innpass og vart misbrukt, så dei fleste av oss sykla og gjekk. Då «Nilsegutt» Tungesvik og eg vart kalla inn til ei juniorsamling på krinsplan i Ølensvåg, pakka vi sovepose og utstyr på sykkelen og la i veg. Og vinterstid var mange av oss aktive som skeiseløparar og var med på mange stemne på Opsangervatnet. Frå det miljøet hugsar eg godt Gustav Solheim som ein fin stilløpar og Erling Eikeland som vart nr. 2 i Sunnhordlands-meisterskapet eit år etter stordabuen Arnulf Agasøster.   Elles var Arne Kaldestad, Otto Kolås og Harald L. Eikeland ivrige drivkrefter i det gode skeisemiljøet vi hadde på den tida. Og var det store meisterskap, så var det alltid einkvan som hadde med seg radio, så vi fekk med oss Bjørnsen og Jordsett sine fenomenale skildringar av kampen mellom Kupper’n, Maier, Moe og russarane. Berre eit under at vi ikkje gjekk gjennom isen når alle skulle høyre på avslutninga.

 

Men det var fotball det meste dreia seg om, og eg hugsar med stor respekt mange gode spelarar og utruleg koselege karar som var med. Vi hadde veldig mykje moro og litt alvor saman, og eg vil tru at mange nikkar gjenkjennande når eg nemner Arne Kaldestad i mål og Magnar Sundsteigen som knallhard back. Øystein Skogseth, som var Trio sitt svar på Torbjørn Svendsen, «klippa» i midtforsvaret, rask og teknisk god med solid overblikk. Birger «Biggen» Grønstøl var fast indreløpar ved sida av meg, og som spiss med tyngde låg Magnar Olderkjær.

 

Eg hugsar særleg ein gong vi slo Halsnøy 6–0, som Magnaren dunka inn fleire innlegg frå vingane. Av dei yngre som kom til, gløymer eg ikkje Per Magne «Bossen» Vik og driblefanten Olav Sæbø. Mange andre kunne og vore nemnde som gjorde ein solid innsats for Trio.  

 

Vi var nok best heime, for det var ikkje alle som takla grusbana på Valo. Særleg når det var regn, blei bana sporete og då nytta det lite med lissepasningar langs bakken, då måtte du løfte litt og det var det ikkje alle som forstod. For dei fleste hadde faktisk grasbanar på den tida, sjølv om dei kunne vere av ymse kvalitet.   Eg hugsar særleg den på Bremnes. Den var så oval at om du la deg ned ved eine målet, så såg du berre tverrliggjaren på hi sida av bana.

 

Eg fekk og oppleve på slutten av mi karriere i Trio å spele saman med Tjerand Lunde då han kom tilbake til Valen. Like god med ballen som med staven. Fantastisk å sjå at han framleis er leiar i Trio i dag. Eg gløymer aldri ein kamp mot Stord heime. Stord leia både 1-0 og 2-1, men vi slo dei til slutt 3-2 og vart borne på gullstol, for det var ikkje daglegdags. Det var stas å score sigersmålet på ein lissepasning frå Tjerand. Eg meinar vedlagde foto er laget frå denne kampen.

 

Til slutt ei heilt spesiell oppleving: Dette var i Brann sine velmaktsdagar med Kniksen, Pesen, Jollen og andre store stjerner. Dei kom til Halsnøy og møtte Sunnhordland sitt krinslag. Heldigvis fekk eg nyte det som tilskodar. Hugsar eg ikkje feil, så vann Brann 17–0, dei fleste kom som kremmarhus frå Pesen etter innlegg frå Kniksen.

 

Olav Teigen

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart