Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Historikk: Trio sin første cupsiger!

Det er tid for mimring og her er eit referat frå sesongen 1968, då Trio for første gong vann Sunnhordlandscupen. Etter heile 5-1 over Bremnes i semifinalen på Valen, var Solid motstandar. Her er referat frå finalen og oppsummering av sesongen, skrive av oppmann Birger Grønstøl.
 

Finale Sunnhordlandscupen 1968  

Solid-’Trio’

Finalistene i Sunnhordlandscupen-68, Solid og Trio, møttest på Stord stadion søndag 29/9. Banen var såpeglatt etter fleire dagar med regn. Ingen av laga meistra det glatte føret, slik at det blei eit stort sjansespill. Trass i det tunge føret, var tempoet ganske høgt. Det var ’Trio’ som trakk det lengste strået i dette oppgjeret og vant 1-0, som også var resultatet ved pause.

 

’Trio’ kjempa usedvanleg godt i denne kampen, og greidde ri stormen av i dei mange sterke Solidperiodane. ’Trio’ sitt mål vart laga av John Kambe. Dommar var T. Danielsen, Stord.

 

’Trio’ sitt lag: Arne Kaldestad, Nils Tungesvik, Leif Magne Handeland, Magnar Sundsteigen, Per Magne Vik, Terje Kolaas, Henning Haga, John Kambe, Leif Handeland, Birger Grønstøl, Knut Røyrvik.

 

Rapport for sesongen 1968

Fotballgruppa i ’Trio’ sette i gong med innendørstrening i Sunde skule 17.januar i år. Frammøte på desse treningane var ganske bra, ca 15-20 mann. Det var John Kambe og Asbjørn Skår som tok seg trenararbeidet.

 

’Trio’ opna sesongen i år søndag 7/4. Det er spela i alt 22 kampar. Derav 7 privatkampar (5 vunne, 2 uavgjort), 12 seriekampar (7 vunne, 5 tap) og 3 cupkampar (3 vunne). I serien endte ’Trio’ på 3.plass med 14 poeng og med ein målforskjell på 32-27. I alt har ’Trio’ i år laga 68 mål og slept inn 40.

 

’Trio’ fekk sitt første cupmeisterskap ved å slå Solid 1-0 i finalen på Stord. Alt i alt kan ein vel seia at sesongen 1968 har vore ein bra sesong for ’Trio’. Toppscorarar sesongen-68 vart John Kambe og Magnar Olderkjær med 17 mål kvar.

 

Oppmann Birger Grønstøl

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart