Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Historikk: 15-årsjubileum

Klikk på bildet for full størrelse
Richard Bremerthun deler ut førstepremien til ein djupt bukkande Triokaptein Harald Larsen. Alle foto: Harald Larsen sitt arkiv :)
 
Meir frå gamle dagar, også her frå gamle bøker med referat frå Triokampar. Her forteljast om ei turnering på Valen i 1961. På den tida hadde ein ikkje garderobar, men laga byta på seg i sløydsalen i kjellaren på gamleskulen. Uansett betre tilhøve enn i Etne, for der måtte ein skifte utandørs.
 
Klikk på bildet for full størrelse
Myntkast før kampen mellom Trio og Skånevik.

I anledning Trio sitt 15-årsjubileum skipa laget til ei fotballturnering på Valen den 29.-30. juli 1961.

Me hadde bedt inn Etne idrettslag, Halsnøy idrettslag og Skånevik idrettslag. Lørdag spela Trio-Skånevik, der Trio vant 4-2 etter ein god innsats. Så spela Etne-Halsnøy, der vant Etne 3-0. Dermed var Trio klar for finalen og me fikk Etne som motstandar.


Søndag spela Skånevik-Halsnøy jumbofinalen der Skånevik vant 5-1. Etne-Trio spela så finalekampen, der Trio sigra 2-1. Triogutane gjekk inn for fullt frå første minutt til det siste, for dei hadde sett i seg att dei skulle vinne denne kampen. Og dei låg så pass over at seieren var fortjent. Etter kampen var det utdeling av pokalar der Trio gjekk av med den største.

 
Klikk på bildet for full størrelse
Eitt av laga (Skånevik?) som var med i turneringa.

Trio sitt lag mot Skånevik: Einar Mikkelsen, Bjarne Guddal, Øystein Skogseth, Reidar Bremerthun, Leif Handeland, Kåre Tveit, Per Myklebust, Harald Larsen, Tore Kjell Olsen, Erling Eikeland og Terje Herskedal.
Dommar: E. Pedersen, Etne.

 
Klikk på bildet for full størrelse
Nok eit lagbilete.

Trio sitt lag mot Etne: Einar Mikkelsen, Bjarne Guddal, Øystein Skogseth, Reidar Bremerthun, Leif Handeland, Harald Larsen, Harald Holmedal, Per Myklebust, Tore Kjell Olsen, Erling Eikeland og Terje Herskedal.
Dommar: Richard Bremerthun, Trio.

 

- Oppmann Harald Larsen

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart