Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Historikk: Opning av ny bane

Klikk på bildet for full størrelse
 
Her er nokre bileter frå opninga av grusbanen på Valen i 1950. Det var Valen sjukehus sin idrettsplass. Nokre år seinare kom den nye skulen med gymsal, noko som gav betre forhold.
 

Biletet over viser Trio sitt lag i opningskampen på Valen grusbane 14.mai 1950. Bak frå venstre Bjørn Bjelland, Kurt Huse, Lars Olsen, Tjerand Lunde og Peder Grønstøl. Framoverbøydd med hendene på knerne: Kåre Tveit, Arthur Mikkelsen og Livald Røyrvik. Heilt framme William Saghaug, Eyvind Huse og Tolleiv Tveit.

 
Klikk på bildet for full størrelse

Over eit bilete frå opningskampen mot Trott, der Trio vann 7-3. Det var mykje folk til stades, interessa og engasjementet var stort.

Klikk på bildet for full størrelse

Dei tre grendene Sunde, Valen og Husnes vart samla til eitt idrettslag, Trio, i juni 1946. Her er eit bilete av eit gammalt Valen-lag, truleg nokre år før dette. Altså i første del av 40-åra. Bak frå venstre Kåre Utaaker, Sigfred Berentsen, Bjørn Fjellhaugen, Lars Utaaker, Thoralf Utaaker, Arnold Lilleeng, Richard Bremertun og Håkon Handeland. Framme frå venstre Leonard Ekeland, Georg Frønningen og Olav Lilleeng.

'

Alle bileta er lånt i frå boka Gamle bilete frå Valen krins, utgjeve av Valen Vel i 1995.

* Retting (frå Svein Røyrvik):

Det rette er at Trio vart skipa i Friheim på Sunde 27. januar 1946. Far til Rikard Pedersen, Nils Pedersen, vann namnekonkurransen og han fekk gratis medlemsskap, medlem nummer 1. Dette medlemsskapet gav han til sonen, Rikard. Rikarden skulle elles vera unødvendig å presentera nærare.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart