Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Nye sko med valegrus

Vi har masa ein god del om å få inn gamle fotball-klenodiar til Trio-loftet. Håkon Bjørn Førland tok oss på alvor og leita fram det siste skoparet frå slutten av 60-talet, - med ekta valegrus!
 
Klikk på bildet for full størrelse

Dei vel 35 år gamle fotballskorne har fått Adidas-striper, men om det er Adidas sko eller ikkje veit korkje Håkon Bjørn eller vi. Skorne er av merke ”Jetta”, men det er ingen Adidas-merke å sjå. Kanskje det var før den store profileringsbølgja slo inn over oss?

 

Håkon Bjørn spelte på A-laget til Trio på 60-talet. Han hadde ein liten gjestevisitt i Uskedalen då han var misnøgd med UK, som det heite på den tida. Det var UK som tok ut laget. Det var ikkje trenartyranni som vi kan sjå einskilde stader i dag.

 

Håkon Bjørn spelte over det meste på banen. Underteikna kan hugsa han på venstrevingen. Håkon Bjørn spelte mellom anna saman med Rikarden, Arne Kaldestad, Tore Kjell Olsen, Biggen, Erling Eikeland og mange fleire.

 

Vi takkar Håkon Bjørn for skorne som er med og kompletterer Trio-familien si mangslungne historie. Har du eit eller anna lite vi kan få eller få låna, så er vi svært takksame for det. Ta kontakt med ein av oss i fotballstyret:  Svein Røyrvik, Oddmund Røssland, Frode Røyrvik, Roger Røssland eller Inge Audun Røssland.

 

-Svein R.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart