Dei vel 35 år gamle fotballskorne har fått Adidas-striper, men om det er Adidas sko eller ikkje veit korkje Håkon Bjørn eller vi. Skorne er av merke ”Jetta”, men det er ingen Adidas-merke å sjå. Kanskje det var før den store profileringsbølgja slo inn over oss?
Håkon Bjørn spelte på A-laget til Trio på 60-talet. Han hadde ein liten gjestevisitt i Uskedalen då han var misnøgd med UK, som det heite på den tida. Det var UK som tok ut laget. Det var ikkje trenartyranni som vi kan sjå einskilde stader i dag.
Håkon Bjørn spelte over det meste på banen. Underteikna kan hugsa han på venstrevingen. Håkon Bjørn spelte mellom anna saman med Rikarden, Arne Kaldestad, Tore Kjell Olsen, Biggen, Erling Eikeland og mange fleire.
Vi takkar Håkon Bjørn for skorne som er med og kompletterer Trio-familien si mangslungne historie. Har du eit eller anna lite vi kan få eller få låna, så er vi svært takksame for det. Ta kontakt med ein av oss i fotballstyret: Svein Røyrvik, Oddmund Røssland, Frode Røyrvik, Roger Røssland eller Inge Audun Røssland.
-Svein R. |