Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Volleyball: Sesongstart i Husneshallen

Klikk på bilete for full storleik
Klikk på plakaten for full storleik.
 
1.divisjon damer: Damelaget tek i mot Grong til serieopning i Husneshallen søndag kl 13.
 
 

Ny sesong - nye moglegheiter 

IL Trio Volleyball ønsker velkommen til ny sesong  i Husneshallen.

 

Etter ein lang ferie frå volleyballkampar er det no endeleg klart for sesongstart.  Sesongen 2009-2010 endte med gode resultat for Volleyballgruppa. Damelaget nådde målet som var å stabilisere laget i 1.divisjon og herrelaget gjekk heilt til topps i 2.divisjon.  Ein valgte her å ikkje spela kvalifisering til 1.divisjon grunna noko tynn spelarstall.  Det er imidlertid eit uttalt mål å forsøke å rykke opp til 1.divisjon også med herrelaget på sikt.

 

Før forrige sesong vart det starta opp damelag i 3.divisjon, laget kom sterkt utover i sesongen og kjempa heilt i toppen av divisjonen etter jul.  Det er svært positivt å ha to seniorlag på damesida både med tanke på bredde og rekruttering.  På juniorsida er det også god aktivitet, spesielt på jentesida er det ei stamme spelarar som vil kunne nå langt om få år.  På gutesida kunne ein nok ønske at det var noko fleire spelarar og ein vil her forsøke å rekruttera nye spelarar i løpet av hausten.

 

Damelaget i 1.divisjon åpnar volleyballsesongen i Husneshallen.  Laget etablerte seg i 1.divisjon i fjor, dette til tross for at laget hadde ein noko vanskeleg sesong då sentrale spelarar vart ute grunna skader m.m.  Til sesongen 2010-2011 er stamma i laget beholdt. Trine Sundfjord har tatt ein pause grunna graviditet medan Bjørg Emmerhoff og Merete S. Heimvik har trappa ned. 

 

Samanlikna med laget ein stilte våren 2010 er Malin Haavik tilbake etter fødsel, samt at fleire nye spelarar er komne til : Cecilie Bjørke er opprinnelig Trio-spelar, no tilbake etter fleire år i BSI, Tone Tjelmeland og Marion Skogseth Bjørsvik har teke steget opp frå 3.divisjon.  Då dei etablerte spelarane no har fått eitt års erfaring frå 1.divisjon bør spelarstallen totalt sett vera minst like sterk som i fjor.  Det er imidlertid liten tvil om at stallen er liten og at ein derfor er sårbar når det gjelder skader og sjukdom på sentrale spelarar.  Også på trenarsida er det gjort endringar sidan i fjor :  Åge Vik ønskte ein pause frå trenargjerninga og Tone Lillesletten satser for fullt som spelar, nye trenarar er Eirik Sævareid og Sille Tars.

 

Søndagens motstandar er eit nytt og ukjent bekjentskap for Trio.  Grong rykka opp frå 2.divisjon etter forrige sesong og ein kjenner lite til kva motstand som ventar på andre sida av nettet i første seriekamp.  Triodamene deltok i åpningsturneringa i Bergen for ei veke sidan, her kom laget på 4.plass.  Spelar laget opp mot sitt beste bør det vera gode muligheter for seriepoeng søndag.

 
 

Sportsleg helsing

 

Styret i IL Trio Volleyball

 

 
 
Plakat_100926.doc
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart