|
Volleyball : Heimeseier i sesongopninga for 1.divisjon damer | Etter ein lang sommarferie var det søndag klart for seriestart for damelaget i 1.divisjon. Grong hadde tatt turen frå Trøndelag og møtte eit heiltent heimelag i Husneshallen | | | Trio - Grong 3-0 (25-11, 25-9, 25-16) | | | Heimelaget tok kommandoen frå start og allerede tidleg i 1.sett fekk laget ein god ledelse etter ei serverekkje frå Kathrine Tveit. Denne klarer ein å halde utover i settet og til tross for at ein slit litt i mottak mot ein god servar frå Grong er ein aldri trua og settet ender såpass klart som 25-11. I 2.sett startar også heimelaget best og går opp i ledelsen 4-1. Deretter får Grong fem poeng på rad, Trio tar då time-out på stillinga 4-6. Triodamene tek deretter heilt over, resten av settet blir einvegskjøring og resultatet ender 25-9. 3.sett blir noko jevnare enn dei to første. Det er imidlertid heimelaget som er i føringa stort sett heile tida, og etter settsiffer 25-16 er det klart at heimelaget har vunne serieopninga 3-0. | | | Dagens motstandar Grong er nok ikkje blant dei sterkaste laga i årets 1.divisjon, likevel var dette ein meget godt gjennomført kamp av Triodamene. Det kom mange relativt enkle ballar over nettet i denne kampen, mange av desse klarte ein å omsette raskt og effektivt til poeng. Det var viktig å komme godt i gang med sesongen, og ikkje minst å vinne framfor publikum heime i Husneshallen. | | |  | | Trio 1.divisjon damer 26. september 2010. Foto : Arne Lindeflaten (Kvinnheringen) |
| Desse spelte for Trio : Kathrine Tveit, Tone Tjelmeland, Malin Haavik, Maren E. Skogseth, Cecilie Bjørke, Katarina Kucerkova, Tone M. Lillesletten, Gina Hella Berge-Soldal, Marion S. Bjørsvik. | | | | Neste oppgåver for damene er allerede neste helg. Då tek laget turen til Trøndelag for å spela mot NTNUI laurdag før det allerede neste søndag er 'returkamp' mot Grong på bortebane. | | | | | | | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |