|
Opprykk for gutane | | Trio volleyball arrangerte i helga seriehelg for U16- og U19-lag på Husnes. 40 lag var med og om lag 115 kampar vart spelt frå tidleg laurdag til seint søndag. Trio sine gutar U16 vann alle kampane sine og rykkjer opp i 1.divisjon. | | | Gutane fann ikkje verdig motstand og tok full pott med berre eitt tapt sett på sine 6 kampar. Sotra var einaste lag som klarte å knipe eit sett, men dei vart behørig sett på plass i dei to påfølgjande setta. | | | Trio hadde også eit jentelag med i turneringa, også det i U16. Dei spelte i 1.divisjon og hamna nest sist av 8 lag. Med 2 sigrar og 5 tap var dei jamnt med dei to laga framom, men fekk 7.plassen på færre vunne sett. Om dette held til førstedivisjonsspel ved neste høve er førebels ikkje avklart. | | | Elles gjekk Matre til topps i 1.divisjon gutar U16. Både dei, Rossvoll og Sveio sto med 4 sigrar og 1 tap, og 9-3 i sett, men poengmessig kom Matre best ut. | | | Dermed kan volleyballgruppa kvile ut. Eit arrangement med 40 lag og over 300 spelarar er krevjande.vTrio fekk likevel mykje skryt for eit velsmurd opplegg, der kampane gjekk føre seg på 7 banar i Husneshallen og i gymsalane på Sunde og Undarheim skule. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |