|
Viktig siger for volleyballdamene | | 1.divisjon volleyball damer: BSI 2-Trio 2-3. I Stemmemyren idrettshall tok Triodamene ein viktig siger i ein kamp som starta bra og heldt fram dårleg, før Trio viste høg moral og drog i land finalesettet. Dermed er mogleg nedrykk ganske så fjernt. | | | Med siger mot tabellnabo BSI og heimekamp att mot same lag, som ein av dei to kampane som står att av seriesesongen, ligg Trio på 6.plass på 1.divisjonstabellen. Mykje tydar på at plassen i divisjonen blir fornya, sjølv om Triodamene teoretisk enno kan rykkje ned.
| | | Det starta veldig solid for Trio med siger i klåre sifre i begge dei to første setta. Derimot kom heimelaget attende og vann dei to neste, men så samla Triodamene seg og drog sigeren i land med eit sterkt femtesett.
| | | Neste helg ventar nytt møte mot BSI, då i Husneshallen.
| | | For Trio spelte i dag: Cecilie Bjørke, Tone Merete Lillesletten, Maren Elise Skogseth, Malin Haavik, Gina Berge-Soldal, Kathrine Tveit, Katarina Kucerkova, Tone Tjelmeland og Maylin Kristiansen. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |