Søndag kl 14 spelar Triodamene sin siste heimekamp for sesongen, i Husneshallen. Motstandar er BSI 2, som vart slått 3-2 i Bergen sist helg.
I volleyball reknast sluttstillinga ut av to faktorar; Plasseringa i serien, samt plasseringar i dei ulike rankingturneringane som blir halde gjennom sesongen. Det er i år tre slike turneringar. To er unnagjort, medan den siste går av stabelen i Oslo i slutten av mars.
Tabellen i 1.divisjon avd 1
1. Førde……………... 12… 10 2…… 30-9… 919-780…. 30
2. NTNUI Volley 2… 9…. 8 1…… 25-3…. 694-488….. 24
3. Trio………………... 10… 5 5…… 18-19… 804-797…. 15
4. Rossvoll………….. 9…. 5 4…… 19-18… 792-814…. 14
5. Blindheim……….. 9…. 4 5…… 15-19… 697-734…. 11
6. BSI 2…………….... 8….. 1 7…… 8-23…. 626-727..…. 4
7. Grong……………... 9….. 0 9…… 3-27…. 541-733..…. 1
Trio ligg no på 3.plass, utan sjanse på å ta att dei to øvste. Men Rossvoll har ein kamp til gode og kan gå forbi. Blindheim har også sjansen, men då skal meir til. Det er 3 poeng for siger og 0 poeng for tap, men siger 3-2 i sett gjev hhvis 2 og 1 poeng til vinnande og tapande lag.
Men totalt er det altså rankingtabellen som gjeld. Der får ein poeng for tabellplasseringa i serien (tel klårt mest) og for plasseringa i dei ulike rankingturneringane. Her er stoda som følgjer (samla for laga i dei to avdelingane):
Rankingtabellen
1 NTNUI Volley 2.... 285
2 Førde.................. 273
3 OSI..................... 258
4 Austrått.............. 245
5 TVN.................... 240
6 Trio.................... 206
7 Blindheim............ 186
8 Rossvoll.............. 183
9 Lier..................... 183
10 BSI 2................ 182
11 Gjesdal............. 146
12 Grong............... 142
13 Oslo Volley 2.... 114
Søndag møter altså Trio BSI 2. Helga etter har så Trio bortekamp og lokaloppgjer mot Rossvoll, ein kamp som er avgjerande for serieplasseringa. Ramlar Trio ein plass ned på tabellen, blir det 10 rankingpoeng mindre. Sigrar i dei to siste kampane vil gje eit veldig godt utgangspunkt for å behalde 6.plassen på den totale 1.divisjonstabellen, noko som vil bety at Trio kan skryte på seg å vera landets 12.beste lag!
Hektisk volleyballhelg
Også Trio sitt herrelag i 2.divisjon skal i aksjon i Husneshallen på søndag:
Søndag kl 16: Trio-BSI 2
Søndag kl 18: Trio-NHHI.
Og laurdag spelar 3.divisjonsdamene sluttspelturnering på Sotra.