Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Volleyball : Seier og tap i Trøndelag for 1.divisjon damer

I helga var 1.divisjon damer i Trøndelag for å spela to bortekampar. Laurdag var Grong motstandar, deretter tok laget turen sørover til Trondheim for å måla krefter med NTNUI Volleyball 2 søndag føremiddag.
 

Kampane i Trøndelag var i utgangpunktet begge ansett som vanskelege. Triodamene har hatt ein noko vanskelig inngang til denne kampane. Av familiære årsaker var Malin Haavik og Astrid H. Slåke ikkje med nordover, i tillegg sliter fleire andre i stallen med sjukdom og småskader.

 

Om det var overnatting i Snåsa-mannens nærområde (Snåsa Hotell) som hadde positiv innvirkning på laget skal vera usagt, men kampen mot Grong laurdag begynte bra for Triodamene. Ein fekk raskt grepet om 1.sett, spesielt var det gledeleg å sjå at blokkspelet satt bra. Ein del angrep frå Grong vart blokka ned, men like viktig var det at svært mange ballar vart bremsa i blokka og dermed gjorde at mykje vart plukka i forsvar. Saman med bra uttelling i angrep vinner ein både 1. og 2.sett relativt enkelt, heimelaget får kun 14. poeng i det andre settet. Til tredje sett har Grong gjort nokre spelarbytter. Trio begynnar å gjera enkle feil, det oppstår nokre misforståelsar og dette utnyttar Grong godt. Heimelaget festar eit grep om settet og får ein ledelse Trio aldri klarer å hente inn. Før det fjerde settet er alle i Trio-leiren samde om at ein kan betre. Alle ønsker å vise dette på banen, innsatsen gjer også resultat i form av at ein klarer å vinne settet 20-25 og dermed kampen 1-3. 

 

Til søndag føremiddag hadde laget flytta seg sørover til Dragvoll Idrettsenter for å spela mot NTNUI Volleyball sitt 2.lag (NTNUI har også lag i eliteserien for damer). NTNUI har vore blant dei to beste laga i 1.divisjon dei siste sesongane, det var dermed liten tvil om at ein her ville møte tøffare motstand enn i laurdagens kamp mot Grong.

 

Sjølv om ein møter tøff motstand spelar Trio likevel ein absolutt godkjent kamp mot NTNUI. Trio tek leiinga i 1.sett, sjølv om heimelaget kjem tilbake og overtek føringa er det kun med 2-3 poeng gjennom mesteparten av settet. Heimelaget vinn første sett, men Triodamene er i pausen godt nøgde med egen innsats. Ein har god servemottak og god utteljing i angrep, forskjellen mellom laga i første sett er i stor grad at NTNUI har noko bedre presisjon i alle fasar av spelet og dermed klarar å variere spelet sitt noko meir enn Trio. Tidleg i 2.sett blir Gina H. Berge-Soldal skada i leggen, ein må då gjera noko om på oppstillinga mitt i settet. Dette taklar imidlertid laget på ein god måte. NTNUI vinn også dette settet, men kun 25-22. I tredje sett kjører laget vidare med Tone Lillesletten på ein noko uvant plass som midtspelar, dette taklar både ho og resten av laget på ein god måte. Triodamene har føringa gjennom mesteparten av settet, men på slutten kjem heimelaget nådelaust tilbake.  Det vert teke time-out på stillinga 20-20, men herfrå og inn klarer heimelaget å vinne fem poeng på rad, det heile er dermed over og NTNUI har vunne kampen 3-0.

 
Klikk på bilete for full storleik
Fornøgde Trio-damer etter ein god sesongstart

Likevel var det ein godt nøgd gjeng som reiste heim frå Trøndelag. Med fråfall og sjukdom/småskader i ein spelarstall som i utgangspunktet er tynn må det seiast å vera ein absolutt godkjent prestasjon å koma heim med tre poeng etter vanskelege bortekampar.  Laget har no 6 poeng (av 9 moglege) etter tre bortekampar, dette gjev eit godt grunnlag for det som skal skje vidare i sesongen. Når nokre etablerte spelarar er borte gjev dette andre muligheten til å vise seg fram.  Både Marion S. Bjørsvik og Marthe S. Lillesletten fekk mykje speletid i desse to kampane, begge desse viste at dei kan markere seg godt i 1.divisjon vidare i sesongen.

Neste oppgåve for damelaget er no rankingturnering i Oslo siste helga i oktober.

 

Gronghallen laurdag : Grong-Trio 1-3 (19-25, 14-25, 25-18, 20-25

Dragvoll Idretssenter søndag : NTNUI Volleyball 2 - Trio (25-21, 25-22, 25-20)

 

Desse spelte for Trio:

Kathrine Tveit, Tone Merete Lillesletten, Gina Hella Berge-Soldal, Maren Elise Skogseth, Marthe Saghaug Lillesletten, Katarina Kucerkova, Marion Skogseth Bjørsvik.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart