Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Volleyball: Ny siger til herrelaget

Klikk på bilete for full storleik
 
Herrelaget i 2.divisjon tok i mot ungdommane frå Rossvoll sitt tredjelag denne helga. Rossvoll 3 vant sin heimekamp mot Trio i november, så denne gangen var Trio-laget sterkt revansjelystne.
 

1.sett vart prega av dårlig presisjon i mottak og gratisballer, og frustrasjon sprer seg i Trio-laget. Samstundes jobbar ungdommane frå Øystese/Nordheimsund godt i forsvar og prikkar inn enkle dip-ballar mot eit stilleståandes Trio-lag. Laga føl kvarandre likevel tett, men Rossvoll 3 dreg det lengste strået og vinn 26-24.

 
 
I 2.sett byrja det erfarne Trio-laget å få orden på presisjonen i alle av spelets fasar og viser at dei gamle fortsatt er best. Trio har fullkontroll på settet og leder 23-11 og laget er trygg på siger, men enda slit ein litt med konsentrasjonen og får ein periode der Rossvoll henter 4-5 poeng på rad før Trio-laget endelig klara å sette spikeren i kista og vinn 25-18, 1-1 i sett.
 
3.settet er stort sett ein einvegskøyring av Trio-laget. Kantspelet er solid i angrep og mottaka er stort sett bra og Stian har gode legg. Trio vinn komfortabelt 25-13.
 
I fjerde settet kan det virka som Trio har teke for lett på motstandaren igjen og lar Rossvoll ha føringa i stort sett heile settet. Trio klarar likevel å beholde kontakten og går forbi i poeng mot slutten av settet, men Rossvoll gir seg ikkje og det vert ein stillingskrig der laga tar annakvart poeng. Trio får til slutt kjempa seg til 25-24 leiing. Serven går og det vert ei lang ballveksling og nervane er til å ta og føla på. Endelig får Stian eit fint mottak og sender ballen til kantspelar Roger som deljar ballen mellom blokka til Rossvoll og rett i bakken! Dermed vinn Trio det fjerde settet 26-24 og kampen 3-1.
 
Kampen bar preg av lang friperiode mellom kampane. Forrige kamp var tidleg i desember og laget har ikkje fått trent ordentlig på kampsystem og spel. Ein rusten opptreden framfor knappe 10 tilskoderar. 
 
Laget mot Rossvoll3 var: Stian Petterson, Åge Vik, Lars Erling Miljeteig, Robert Haugland, Jogeir Gjerde, Tor Hveem og Roger Nundal.
 
Herrane ser no fram mot neste kamp 18.02.2012 og satsar på eit kjekt oppmøte på tribuna. Vel møt!
 

 

 
 

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart