Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Volleyballkampar i fleng på laurdag

Laurdag går heile fire volleyballkampar av stabelen i Husneshallen. Alle tre seniorlaga skal i aksjon.
 

Herrelaget har nokre kampar til gode på dei øvrige laga og ligg på 3.plass på 2.divisjonstabellen (totalt 7 lag). Men laget har ikkje samla poeng i rankingturnering, slik at den reelle plasseringa er litt svakare. Laurdag er tabelljumbo Sotra motstandar, og Triokarane blir storfavorittar når dei avsluttar kampdagen med dyst kl 16.

 

1.divisjonsdamene ligg på ein sterk 3.plass på serietabellen, med god klaring til laga bak. Med ok innsats i rankingturneringa så langt, ligg faktisk laget oppe på 6.plass i 1.divisjon totalt (2 avdelingar). Det tilseier at vi har landets 12.beste damelag i volleyball! Laurdag kl 14 kjem BSI2 på besøk. Det er laget som ligg nærast på rankingtabellen, så her ligg det an til ein jamn og spanande kamp.

 

Andrelaget på damesida har til gode å vinne i årets sesong, etter opprykk frå 3.divisjon i fjor. Men i helga kjem to av dei beste sjansane til siger. Både Askøy og BSI3 ligg på nedre halvdel av tabellen.

 

Kampprogrammet i Husneshallen laurdag

Kl 10:00 Damer 2.divisjon: Trio2-Askøy

Kl 12:00 Damer 2.divisjon: Trio2-BSI3

Kl 14:00 Damer 1.divisjon: Trio-BSI2

Kl 16:00 Herrer 2.divisjon: Trio-Sotra

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart