Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Herrelaget dominerte mot Sotra

Klikk på bilete for full storleik
 
Herrelaget var sist ut i dyst denne volleyball-laurdagen i Husneshallen. God stemning i hallen etter tre føregåande kampar gav herrelaget til Trio ei kjekk oppleving med overbevisande siger mot eit svakt Sotra-lag.
 
Trio hadde få problem med Sotra-laget på bortebane i haust, og gjekk difor til denne kampen i helga med god tru på siger også denne gang. Og det viste seg fort at Trio-laget ikkje hadde nokon grunn til å tvila på seg sjølv mot dette laget frå Sotra.
 
Trio tar føringa fra start og er egentlig aldri trua. Settsifra 25-13, 25-14 og 25-9 seier sitt til at dette var einvegskøyring. Mot slik motstand er det fort gjort å gå i fella og sleppe seg ned på motstanders nivå, men Trio-laget bestemt seg for å stå løpet ut, konsentrere seg på egne ferdigheter og bruke muligheten til å samkøyre seg godt. Trio må vera nøgde med eigen prestasjon, og publikum kunne godta seg med ein del hardtslåande angrep, god forsvarsjobbing og gode servar.
 
Den siste månaden har treningsoppmøte vore labert grunna jobb og sjukdom. I denne 2.div.-serien er det ofte lange perioder utan kampar og dermed er det godt å få ein slik kamp som dette til å nettopp å samkøyre laget. Allereie neste helg er det to nye kampar i Husneshallen, då mot BSI og BSI2, som er av eit heilt anna kaliber. Trio-herrane kan lova mykje god volleyball og neglebiting til den kommande helga. 
 
Ynskjer publikum velmøt!
 
Desse spelte for Trio i dag: Åge Vik, Robert Haugland, Stian Petterson, Lars Erling Miljeteig, Jogeir Gjerde og Roger Nundal
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart