|
Ny volleyballhelg | | Også denne helga er det rikeleg med volleyball å få med seg i Husneshallen. Heile 4 seniorkampar går av stabelen. | | | 1.divisjonsdamene tapte ikkje overraskande for BSI sist helg. Med det er dei på 8.plass totalt i 1.divisjon (samla for 2 avdelingar). Laurdag kl 17 er nordtrønderane Grong motstandar. Dei ligg på 10.plass, men har fått sving på sakene i seinare tid, så dette blir ikkje noko lett oppgåve. Og lettare blir det ikkje søndag. Då kjem 5.plasserte NTNUI2 på besøk. Dei slo Trio i 3 strake sett i haust, men med jamne settsifre. Ergo borgar det for to gode og spanande kampar! | | | 2.divisjonsdamene fekk sin første siger sist helg, men denne helga ventar tøffare motstand mot midtplasserte Lyderhorn på laurdag | | | Herrelaget hadde ingen problem med å spele ut Sotra sist helg, no er det BSI som er motstandar. BSI toppar tabellen med berre eitt tap så langt i sesongen, Trioherrane står med andre ord overfor ei tøff oppgave i Husneshallen søndag. | | | Møt fram i Husneshallen og sjå følgjande kampar: Laurdag kl 13: 2.div damer, Trio2-Lyderhorn Laurdag kl 17: 1.div damer, Trio-Grong | | | Søndag kl 13: 1.div damer, Trio-NTNUI2 Søndag kl 15: 2.div menn, Trio-BSI | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |