Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Fyrverkeri av ein volleyballkamp!

Klikk på bilete for full storleik
 
Herrelaget til Trio i 2.divisjon tok i mot BSI denne søndagen. For ein triller av ein volleyballkamp det vart.
 
BSI og Trio har dei seinare åra kjempa i toppen i divisjonen, og det vert alltid god stemning i hallen når Bergens studentane hoiar og klappar under kampane. Alltid kjekt å møte dette laget og ein må alltid hente ut det beste for å hamle opp BSI.
Denne kampen skulle også vise seg å verta eit av dei mest nervepirrande og jamne oppgjera desse laga i mellom.
 
Trio tok føringa i første settet, men BSI var heile tida hakk i hæl og spenninga var til å ta og føle på. Poeng tavla stoppa ikkje før det 30-28 i favør Trio. Dette settet stod Triolaget løpet ut utan noko særlig 'down'-periodar. Ein klara å holde fokuset og trøkket i angrep.
 
Andre settet vert også tett. Laga byter på å ha leiinga, men i dette sette kjem ein lengre periode der Trio ikkje klara å bryte serven til BSI. Når Trio endelig klara å bryte bergenserane, har dei føringa 22-15. Jogeir Gjerde startar ei god serverekke og Triolaget viser, uvanleg nok, god lagmoral og stayerevne då dei hentar igjen forspranget. Fantastisk opphenting endar med at Trio vinn settet 26-24. Med dette leiar Trio 2-0 i sett og laget struttar av sjølvtillit. Prestasjonane er bra!
 
Dei to neste setta vert også ein stillingskrig mellom desse to rutinerte laga. Publikum får virkelig valuta for penga, men diverre så maktar ikkje Trio å sette sluttstrek for kampen med å vinne det tredje settet. BSI klarar til slutt å dra sigeren i land med stillinga 25-23. Heller ikkje i fjerde sett klarar Trio å ta ut det siste som skulle til for å vinne settet og kampen. 27-25 i favør BSI.
 
Dermed må laga ta fatt på eit femte sett. BSI tek føringa og leiar 4-1 før Trio skjønar alvoret. Laga skiftar side på stillinga 8-7 til BSI. Trioherrane viser rutine og 'smartness' i valga dei gjer, men samtidig holder ein oppe aggresiviteten og trøkket i angrep. Knallhard jobbing fører Trio i leiinga 12-10 og BSI tek timeout. BSI virker rysta og Trio har overtaket og er fast bestemt på at dette skal gå vegen. Nervepirrande og lange ballvekslingar holder stemninga høg i hallen og publikum står meir enn dei sit på tribuna. Så....på stillinga 14-10 får Trio ein gratisball og angrepsrekka øyner muligheten til å sette punktum. Alle skrik og vil slå inn den avgjerande ballen. Den som skrik høgast er underteikna, som får eit fantastisk meterlegg av Stian. Ballen går over midtspelar, som ein finte, og underteikna får dra til den ballen av all makt. Forsvaret til BSI er sjanselause og Trio vinn ballvekslinga, settet og kampen. Ein fantastisk måte å få avslutte den nervepirrande og tette kampen på! 3-2 til Trio!!!!
 

Trioherrane gjer sin beste kamp for sesongen og slår eit av dei beste laga i serien. Prestasjonane variere, men totaltsett er nivået høgt i denne kampen. Bra trøkk på serv, til tider bra blokkspel og angrepsspel. Samstundes viser gamle stive kroppar at dei også kan slenge seg runt på golvet.


Utrulig kjekt var det også å høyre heiarop fra tribuna og eg trur publikum hadde to kjekke timar i eit fyrverkeri av ein volleyballkamp. Tusen takk for oppmøte og velkommen igjen!

 

Trio-BSI 3-2 (30-28, 26-24, 23-25, 25-27 og 15-10) 

 

Triolaget: Roger Nundal, Stian Petterson, Åge Vik, Lars Erling Miljeteig, Jogeir Gjerde, Robert Haugland, Tor Hveem og Eirik Myhre Brakestad

 
Av: Roger Nundal
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart