Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Volleyball : Jenter 99 på Sparebanken Vest Cup i Øystese

Trio starta hausten i fjor opp med eit volleyballtilbud for Jenter 99 på Sunde. I helga var dei på tur for å spela sine første kampar, nærare bestemt Sparebanken Vest Turnering i Øystese.
 
Klikk på bilete for full storleik

Det var 12 spente jenter som sette seg i Bjørn's Minibuss kl 0800 laurdag morgon. 3 vaksne var med som leiarar. Kampane gjekk som Volley 2000, med 4 spelarar på kvart lag. Vi stilte dermed med 3 lag. Jentene med eit drygt halvår's erfaring med ball og nett var kjempeflinke i kampar mot lag frå arrangørklubben Rossvoll og 2 lag frå Sotra. Desse laga har spela 2,5-4 år. Jentene imponerte spesielt i mottak og serve, noko som er svært avgjerande i dette spelet. I og med at dei spelte mot lag med meir erfaring, vart det til tider litt for lite samspel med opplegg og smash. Men dette er ting som kjem etterkvart. Etter puljespelet var det klart at 2 av laga kom til semifinale og møttes deretter i bronsefinalen. Til slutt fekk vi 3, 4 og 6. plass. Det må seiast å vera ein god debut og jentene var klare på at neste sesong skulle dei spela kamp lenge før jul!

Jentene fekk og ei utfordring til som dei meistra godt. Fleire av spelarane fekk prøvd seg som dommarar under kyndig veiledning av Tonje O. Haga som var med som leiar.

Ingvill S. Olderkjær var som alltid rasande god til å motivera jentene frå sidelinja og hjelpa oss trenarane med organisering.

 

Vi gler oss til neste sesong!

Desse var med:

Marie Nesse, Camilla H. Røssland, Mariel M. Madsgård, Andrea T. Eide, Lilly Kaldestad, Susann O. Haga, Ingrid O. Samland, Emma Charlotte B. Saghaug, Emma L. Jacobsen, Anja T. Kleven, Kristiane S. Olderkjær, Madel H. Gjerding.

 

Tonje O. Haga / Linda Holmedal (trenarar)

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart