Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Historikk: Trio lillejenter 1987

Frå ei gammal skuff har det kome fram eit lagbilete av Lillejenter Sunde/Valen 1987. Biletet er teke før (eller etter?) ein kamp på grusbanen på Valen.
 
Klikk på bildet for full størrelse

Framme frå venstre: Guri Berge, Hege Thoresen, Sølvi Glendanger, Christine Solheim, Lillian Sivertsen. Bak frå venstre: Hanne Larsen, Trude Sundsteigen, Catrine Hovden, Elisabeth Skogseth, Linda Flatebø, Laila Grønstøl, Renate Hvidevold Mo.

Trenarar er som vi ser Magnar Sundsteigen til venstre og Birger 'Biggen' Grønstøl til høgre. Dei to karane kan til saman skilte med over 400 A-kampar for Trio, så jentene var utvilsamt i gode hender.

 

Minst 3 av desse har sidan spelt kampar for Trio sitt damelag. Kanskje fleire, for desse jentene var 17-18 år i den perioden som vi manglar statistikk på (sesongane 1992-93). I følge kjelder reiste ein god del av jentene vekk etter grunnskulen, og relativt få av dei er heimehøyrande i Kvinnherad i dag.

 

Dei 3 nemnte er også aktive i dag. Hanne har vore toppscorar for Trio dei 2 siste sesongane, medan Trude var lagleiar og pådrivar i oppstarten med påmelding av damelag i 2003. I år scora ho 5 mål, og viste kvar gong ei idrettsglede som vi elles nesten berre ser på Vivil-leikene. Christine har spelt for Djerv i Bergen, men er no flytta heim og er dirigent i forsvaret på Halsnøy sitt damelag. I følge Christine spelar Guri for Bækkelaget i Oslo.

 

Når det gjeld biletet, må det vera lov å kommentere mange flotte 80-talsfrisyrer og klesvariantar. Trude sin rause hårmange gjorde ho, etter hennar eige utsegn, til sonen papen aldri fekk, medan Renate bak til høgre ser ut til å gå for rekorden i å få buksa oppunder armholene. Og det er vel heller den rosa buksa enn sveisen, som syner at Hanne ikkje er gut...

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart