Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Kvednabekkjen ferdig til våren

2005 har vore eit stort år for framdrifta av Kvednabekkjen kunstgrasbane. Vona er at banen kan opnast rundt seriestart til våren.
 
Klikk på bildet for full størrelse
Det er lagt ned sandfangkummar og drenering på langsida mot grusbanen og kortsida mot vegen. Planen er å lage tribune mellom lysstoplane. Det vert heilt nytt lysanlegg på Kvednabekkjen.

I august fekk vi dei første steinmassane frå Halsnøy-tunnelen. I desse dagar er området ferdig utplanert i det nivået den skal liggja. Då skal det støypast ringmur som og skal bli fundament for gjerde. Blir det ein nokolunde skjepeleg vår, vonar vi at Kvednabekkjen kan opnast rundt seriestart.

Så langt ser det ut til at kalkylane skal halda. Prislappen ventar vi skal enda rundt 7,8 millionar kroner. Då er lys og gjerde inkludert. Det som ikkje er med i denne prisen er nye tribunar og framføring av straum og vatn.

 

Det er tilkøyrd store mengder stein frå tunneldrivinga i Podlen. Tansporten tok noko lenger tid enn venta. Dette skuldast mangel på transportmateriell. Hadde vi fått steinmassane levert innanfor den tida som var forventa, ville banen vore ferdig tidleg i november i år.

 

Men, det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko – vi sparer gode pengar på at ferdigstillinga blir om lag eit halvt år seinare. Alt etter kva rentesatsen blir, kan vi venta å spara mellom 70-100.000,- kroner på denne utsetjinga.

 

Søknad om spelemidlar er sendt inn for tredje året. Det er vanleg prosedyre. Vi må søkja kvart år til vi rykkjer fram i køen. Ferdigstilte anlegg vert prioriterte ved tildeling av spelemidlane. Når vi får Kvednabekkjen ferdig til våren, vonar vi å kunna få spelmidlar ved tildelinga i 2007. I finansieringsplanen har vi rekna med at vi får spelemidlane i 2008.

 

Det kommunale tilskotet er sett opp i langtidsbudsjettet med utbetaling 2007 og 2008.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart