Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Kunstgras-seminar på Triohuset

Klikk på bildet for full størrelse
Arild Sundsteigen frå Trio noterte flittig under seminaret.
 
Kunstgrasbanane treng vedlikehald. Torgeir Ropstad frå kunstgrasleverandøren PST Sport, kunne ikkje få understreka nok denne bodskapen. Det trengst regelmessig vedlikehald kvar veke. I tillegg må det årleg storreingjering til. Slurv med vedlikehaldet blir kostbart!
 
Klikk på bildet for full størrelse
Ivar Kåre Døssland representerte kommunen.

Hordaland Fotballkrets arrangerte kunstgrasseminaret på Triohuset onsdag denne veka. Agnar Melkersen frå anleggskomitèen i krinsen orienterte om komitèen sitt arbeid. Komitèen er til for klubbane. Bruk oss, var hans oppmoding til representantane frå både Stord, Bømlo og Kvinnherad kommune. I tillegg var det klubbleiarar frå Odda, Tyssedal, Stord, Solid, Rosendal, Rubbestadneset og Trio.

 

- Utan gode anlegg, ingen god fotball, starta Torgeir Ropstad sitt inn legg med. Han peika på at vedlikehaldsavtalar og oppfølging frå leverandør var viktigare enn val av kunstgrastype. - De får problem om de gløymer å drifta banen skikkeleg, gjentok han. I tillegg oppmoda han dei frammøtte om å ta seg tid, god tid, med vedlikehaldet. - Hugs de har kjøpt eit banedekke til over 2 millionar kroner.

 

Kunstgraset må sloddast minst ein gong i veka. Trio har kjøpt inn ein spesialslodd som kan dragast etter ein liten traktor eller etter ein vanleg bil. Sloddinga har best effekt på tørr bane. Sloddinga gjer mellom anna at graset reiser seg og får lengre levetid.

 

Ropstad fortalde at 10-12 år gamle banar har vist ein grasslitasje på 3-4 millimeter. Graslengda på Kvednabekkjen er 60 millimeter. Når kunstgraset vert 'sodd' vert det lagt 18 millimeter fin sand oppi graset, før det kjem vel 20 millimeter gummigranulat. Med slodding vert både grusen og gummidranulater drege utover og jamna til.

 

Ein anna liten praktisk ting var oppmodinga om ikkje å merka straffane. Det fører til unødig slitasje på den eine plassen. Sørg for å fordela aktiviteten over grasflata, slik at ikkje banen blir skeivsliten, var oppmodinga.

 

Snø og is ser ut til å vera mindre problem enn kan skje vi Trio-folk har trudd. Berit Tverrborgvik frå Solid fortalde om deira kunstgrasbane i Hustredalen. Det var så og seia ikkje problem med vinteren. Dei nytta snømåker til å rydda bort snøen. Første laget på banen etter ein snødett, måkar ein fjerdedel av banen. Nest ein fjerdedel osv. - Dette er vi strenge på, understreka Tverrborgvik, som og sit i anleggskomitèen i krinsen.

 

- På Bremnes, der vi har hatt kunstgrasbane i 5 år, har ikkje banen vore stengt i 14 dagar til saman, fortalde representanten frå Bømlo. På Vestlandet er erfaringane med kunsgras, snø og frost så og sei ikkje eit problem. Det viktigaste er haldningane og motivasjonen dei aktive får med seg frå første dag. Slurv kostar dyrt!

 

- Svein R.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart