Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Natursteinmurar rundt Kvednabekkjen

Klikk på bildet for full størrelse
Ola Lilesand held retning på røyra som gjerdestolpane skal monterast i. Klikk på bileta for full storleik.
 
Sist onsdag starta førebuinga til den store støypedugnaden på Kvednabekkjen. I går rann første støypen oppi forskalinga. Støypedugnaden er den største jobben vi skal gjera. I finansiseringsplanen er denne dugnaden kalkulert til om lag 350.000 kr. På eit par veker skal vi støypa 10 forfaringar, kvar på 24 meter.
 
Klikk på bildet for full størrelse
Onsdag 8. februar: Gunnar Røssland frå G. Røsseland As, hjelper Oddmund Røssland med oppstilling av kikerten for kontroll av høgder før utlegging av singelpute til ringmuren.

G. Røsseland As har gjort ferdig byggesteg 3. No er kunstgrasbanen ferdig grovplanert. Dei neste vekene er det dugnad for alle pengane. Ola Lillesand er arbeidsminister og ringjer for tida til alle kantar for å skaffa dugnadsfolk til dei komande vekene.

 

Støyping av ringmur er starten på byggesteg 4. Dette vert siste fasen for å få ferdigstilt Kvednabekkjen kunstgrasbane og vil innehalda støyping av den omtala ringmuren, utlegging av fyllmassar inni ringmuren, utlegging av kunstgrasdekket, gjerde, tribunar og flaumljos.

 

Dei opprinnelege planane var å støypa ringmur rundt heile banen. Det ville medføra at vi og skulle støypa mur langs vegen frå ungdomskulen til svømmehallen. Vi fann ut at dette ikkje ville bli fint. I løpet av dei næraste dagane vil vi ta avgjerd om vi skal seta opp natursteinmurar for at Kvednabekkjen skal framstå som eit fint anlegg, midt i oppvekst-, skule-, eldre- og idrettssenteret.

 

Å setja opp om lag 140 meter natursteinmur med høgste høgde på 130 cenitmeter, vil kosta om lag kr 250.000,- ekstra. Vi meiner likevel det er rett å leggja estestikk til grunn i ferdigstillinga av Kvednabekkjen. Nokre tusenlappar no, i staden for irritasjon i framtida, er rett prioritering!

 

Svein R-.

 
Det er store dimensjonar på forskalingskassettane som er laga hos HMR i Prestnes. Harald Tofte frå G. Røsseland As, rullar saman stroppene, medan Oddmund Røssland (t.v.) dirigerer Geir Tjore i trucken. Forskalinga er 12 meter lang.

.

.

Odd Ertsland frå Kvinnherd Betong As, stiller inn renna frå betongbilen og gjer klar til å renna første støypen i forskalinga.

.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart