| Onsdag 8. februar: Gunnar Røssland frå G. Røsseland As, hjelper Oddmund Røssland med oppstilling av kikerten for kontroll av høgder før utlegging av singelpute til ringmuren. |
G. Røsseland As har gjort ferdig byggesteg 3. No er kunstgrasbanen ferdig grovplanert. Dei neste vekene er det dugnad for alle pengane. Ola Lillesand er arbeidsminister og ringjer for tida til alle kantar for å skaffa dugnadsfolk til dei komande vekene.
Støyping av ringmur er starten på byggesteg 4. Dette vert siste fasen for å få ferdigstilt Kvednabekkjen kunstgrasbane og vil innehalda støyping av den omtala ringmuren, utlegging av fyllmassar inni ringmuren, utlegging av kunstgrasdekket, gjerde, tribunar og flaumljos.
Dei opprinnelege planane var å støypa ringmur rundt heile banen. Det ville medføra at vi og skulle støypa mur langs vegen frå ungdomskulen til svømmehallen. Vi fann ut at dette ikkje ville bli fint. I løpet av dei næraste dagane vil vi ta avgjerd om vi skal seta opp natursteinmurar for at Kvednabekkjen skal framstå som eit fint anlegg, midt i oppvekst-, skule-, eldre- og idrettssenteret.
Å setja opp om lag 140 meter natursteinmur med høgste høgde på 130 cenitmeter, vil kosta om lag kr 250.000,- ekstra. Vi meiner likevel det er rett å leggja estestikk til grunn i ferdigstillinga av Kvednabekkjen. Nokre tusenlappar no, i staden for irritasjon i framtida, er rett prioritering!
Svein R-.
|