Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Positive takter på Bømlo

Klikk på bilete for full storleik
 
G14: Bremnes2-Trio 5-1. Smågutane gjorde ein habil prestasjon mot eitt av dei beste laga vi skal møte i serien i år. Bremnes har eit godt lag og vil nok gje Rosendal kamp om topplassen.
 

Vi stilte nokolunde med våre beste menn pr i dag. Marcus og Daniel sat/låg att sjuke heime, og Sander var småsjuk og kvalm og ikkje heilt i hundre på banen i dag. Men elles var det friske takter mot eit sterkt lag. Vi var godt på høgde i starten og tok leiinga då Sander fann Joakim på 20 meter på ein corner. Flott skot og i det som for oss var første 11arkamp, er det ikkje så unaturleg at keeper ikkje når opp til tverrliggjar.

 
Klikk på bilete for full storleik
Flott kamp av Torstein.

Sidan var kampen jamnspelt og vi vågde heile tida å spele oss ut og sjå etter gode løysingar. Torstein i målet er flink både til å prate og med ballen i beina, og det er nyttige eigenskaper. Vi hadde avtalt å ikkje setje inn press før på eigen halvdel i starten, og det følgde vi godt. Etter kvart våga vi noko høgare press også. Bremnes utlikna på ei kontring der vår stoppar tok ein sjans og bomma. Men elles var kampen heilt jamn inntil Bremnes fekk eit surt og altfor enkelt leiarmål rett før pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
Solid kamp av Lars.

Vi var godt nøgde med første omgang og hadde kun små ting å rette på. Andre omgang starta også godt og sjølv om vi gradvis sleit meir med å halde ballen i laget, så hadde vi god kontroll defensivt. Mot slutten fekk vi dog meir problemer, då vi ikkje klarte å halde på ballen i angrepsleddet og midtbanen vart liggjande for høgt og på etterskot når Bremnes fekk overgangsmoglegheiter. Det straffa seg kun med eit baklengs heilt på tampen, men siste 5 minutta fekk vi heile 3 baklengs. Dei to første etter dårleg dekking i feltet på daudballar. Her var vi slurvete og då vart kampen avgjort.

 
Klikk på bilete for full storleik
God kamp av Gaute.

Alt i alt var Bremnes eit lite hakk betre enn oss, men vi tek med oss mykje positivt. Neste veke blir det mykje aktivitet. Vanlege treningar, samt kamp torsdag mot Rosendal, kamp fredag mot Halsnøy og ei miniturnering i Etne på søndag.

Hektisk, slik ungdomen lika!  

Kampfakta frå Olvondo stadion

G14: Bremnes2-Trio 5-1 (2-1)

0-1 (4 minutt) Joakim Heimvik

1-1 (16 minutt)

2-1 (33 minutt)

3-1 (65 minutt)

4-1 (67 minutt)

5-1 (69 minutt)

 

Trio sitt lag:
Torstein Olderkjær - Joakim Heimvik, Espen Aakre Sjo, Ole Martin Byrknes, Jonas Teigen - Tarmo Tars, Brynjar H. Gjerding, Simen Hellevik Lie - Sander Dolonen Brækken, Lars Olderkjær Larsen, Benjamin Skarveland - Samson Nyrud Uppheim, Gaute Thorkildsen, Vegard Fausk.

 

- Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart