Årsmelding Trio Volleyball 2014 |
Styret i IL Trio Volleyball har i 2014 bestått av følgjande personar : Eirik Sævareid (leiar) Einar Opdal (nestleiar) Javier Araya Tone Merete Lillesletten Randi Elisabeth Bjelland |
|
Det har vore avholdt styremøter ca. annakvar måned gjennom året. Styret har koordinert den sportslige aktiviteten i gruppa, jobba med inntektsbringande tiltak samt hatt som intensjon å utvikla volleyballgruppa vidare. Ambisjonen er å bygge opp eit tilbod til alle alderstrinn, i tillegg til at både junior- og seniorlaga skal markera seg med gode sportslege resultat i Hordaland. Samarbeidet i styret har fungert bra, men ser ein på gruppa som heilhet skulle vi gjerne hatt fleire personar som er villig til å ta på seg større og mindre oppgåver. Mellom anna gjeld dette marknadsarbeidet då det her heilt klart ligg eit potensial utover det som gruppa utnyttar per idag. |
|
Sportslig var sesongen 2013-2014 ein sesong med fokus på rekruttering og bredde framfor resultat. Damelaget i 1.divisjon havna på nedrykksplass, ein fekk likevel tilbod om å halde fram i 1.divisjon, men dette var ikkje aktuelt grunna tilfredsstillande sesong for Volleyballgruppa. Damelaget klarte å halde plassen i 1.divisjon. Trio 2 damer rykka opp frå 2.divisjon sesongen 2012-2013, men også dette laget kom dessverre på nedrykksplass. Sesongen 2014-2015 stiller Volleyballgruppa eitt damelag i 2.divisjon då ein ikkje hadde tilstrekkelig antall spelarar til å stille to seniorlag. Gruppa stiller heller ikkje i sesongen 2014-2015 seniorlag på herresida. |
|
For laga i dei aldersfastsette klassane var det også i sesongen 2013-2014 fokus på langsiktig oppbygging. Rekrutteringa på jentesida er brukbar, medan det er svak interesse for volleyball på gutesida. |
|
Volleyballgruppa har som mange andre ein utfordring med å skaffe inntekter. Gruppa har ein trygg økonomi utan gjeld. I perioden gruppa hadde lag i 1.divisjon var det relativt høge reisekostnader. Dette vart finansiert i stor grad gjennom at gruppa utfører dugnad i form av mellom anna tilsynsvakt i Husneshallen. |
|
1.divisjon damer Laget endte sesongen 2012-2013 på 12.plass av 14 lag i divisjonen, ein visste på førehand at også sesongen 2013-2014 ville bli tøff. Ein lyktes ikkje å styrke stallen i særleg grad før sesongen, det har heller ikkje vore tilgang på mange nok eigne juniorspelarar som held tilstrekkelig nivå til å markere seg i 1.divisjon. Laget vann seriekampar mot Stod Volley 2 og KFUM Stavanger, heller ikkje resultata i rankingturneringane var sterke nok til å unngå at laget endte på nedrykksplass. Laget fekk likevel tilbod om å halde fram i 1.divisjon grunna at andre lag trekte seg, men dette var ikkje aktuelt grunna for tynn spelarstall. Laget vil no bruke komande sesong i 2.divisjon til å utvikle seg vidare, i første del av sesongen 2014-2015 har laget etablert seg på øvre del av tabellen etter mellom anna 2.plass i rankingturnering. Trenar for laget har vore Eirik Sævareid og Robert Haugland. |
|
2. divisjon damer Etter sesongen 2012-2013 rykka laget opp til 2.divisjon. Spelarstallen 2013-2014 var aldersmessig ei blanding av unge og meir etablerte spelarar, ein del unge spelarar spelte kampar både for både 2. og 1.divisjonslaget. Likevel var det ein utfordring å ha tilstrekkelig mange spelarar mot slutten av sesongen. Laget spelte gjennom sesongen mange gode kampar, men samla endte laget likevel på 8.plass på rankingtabellen for 2.divisjon. Før sesongen 2014-2015 var det ikkje tilstrekkelig stor spelarstall til å ha to seniorlag, gruppa stiller difor eitt lag i 2.divisjon som då består av spelarar frå begge laga forrige sesong. Trenar for laget har vore Åge Bjørsvik |
|
Jenter U15 - Sunde Denne treningsgruppa vart starta hausten 2011 og hadde første året ei trening i veka, i Idrettshallen på Sunde. Guppa består av ca. 12 jenter der dei fleste er født i 1999. Gruppa har hatt ei flott utvikling og deltok i alle serieturneringane sesongen 2013-2014, i fleire av turneringane har gruppa stilt to lag. Gruppa består av mange talentfulle spelarar og her er det mange som vil vera viktige for rekrutteringa til Volleyballgruppa framover. Trenarar : Linda Holmedal og Tonje Olsen Haga |
|
| Trio J15: Katja Hofmann, Irmelinn Petterson, Sunniva Fjellandsbø Huse, Kaia Helland Holmedal, Hildegunn Espevik, Kathrin Rubeau og Hilde Elina Espevik. |
Jenter U15 - Husnes Denne treningsgruppa vart starta hausten 2012 og trenar to ganger i veka på Husnes. Gruppa består av ca. 12 spelarar og spelte sine første serieturneringar våren 2013. Laget har hatt ei god utvikling og har vist ei fin stigning i både prestasjonar og resultat. Sesongen 2013-2014 deltok laget i alle serieturneringane med fine resultat, i nokre av turneringane stilte gruppa og med to lag. Trenar : Javier Araya |
|
Jenter U13 Denne gruppa vart starta hausten 2013 og trenar to ganger i veka på Husnes. Laget spelte minivolleyball og har stilt opptil 5 lag i serieturneringane sesongen 2013-2014. Laga har oppnådd svært gode resultat og her er det mange ungdomar som vil kunne markere seg sterkt på volleyballbanen i åra som kjem. Trenar : Bjørg Eli Djuvsland Aasgard |
|
Sandvolleyballturnering Det vart ikkje arrangert sandvolleyballturnering sommaren 2014. Det er imidlertid ei klar målsetning både å forbetre baneforholda noko og at det blir arrangert turnering på Husnes sommaren 2015. Framtidsutsikter Trio har før sesongen 2014-2015 seniorlag for damer i 2.divisjon, i tillegg har gruppa eit godt antall lag i yngre årsklassar på jentesida. |
|
Damelag i 2.divisjon samt god aktivitet i yngre årsklassar gjev eit godt fundament for framtida på damesida. På gutesida er det relativt få spelarar i aktivitet, dette krever at det blir satsa målretta i åra som kjem for å sikre aktivitetsnivået og rekruttering til eige seniorlag i framtida. |
|
Støtte frå sponsorar/samarbeidspartnarar har saman med div. dugnadsarbeid skapt nok inntekter til å gje grunnlag for satsinga ein no har. Gruppa har eit nøkternt kostnadsnivå der all trenarinnsats er basert på frivillig arbeid, dei klart største kostnadene er relatert til reiser og deltakelse i turneringar/seriespel. |
|
For å kunne vidareutvikle gruppa er det sterkt ønskelig å knytte til seg meir ressursar, dette gjeld både på trenarsida samt til styre og andre funksjonar. Det er eit faktum at mykje arbeid no blir lagt ned av nokre få nøkkelpersonar, for å kunne skape eit grunnlag for langsiktig drift er det viktig at oppgåver kan verta fordelt på fleire personar. |
|
Volleyballgruppa sin største utfordring framover vil vera nyrekruttering av spelarar. På jentesida har me ein del talentfulle ungdomar, men det bør klart fokuserast på å få fleire spelarar. På gutesida er rekrutteringa svak og det er eit stort behov for å kunne starte lag i yngre årsklasar for å på sikt igjen kunne stille seniorlag på herresida. |
|
Me i volleyballgruppa håpar å kunne by spelarar, trenarar og andre støttespelarar på mykje moro også i 2015 og vidare. Me vil takka alle som har bidrege for Volleyballgruppa, både sponsorar, foreldre og andre som har bidrege på dugnad, samt publikum som møter trufast opp på heimekampane i Husneshallen. |
|
Husnes, 13. mars 2015. IL Trio Volleyball Styret |
|
|
|
|
|