|
Turn: Takk til Anita! | | | | | Måndag 5. mai 2014 var ein sorgens dag for IL Trio turn. Då takka denne dama for seg, etter 30 år som instruktør! | | | * Årsmelding for Turngruppa i 2014 finn du her. | | | Turngruppa takkar Anita Borgen Vågen for ein formidabel innsats som instruktør i ein mannsalder. No må det seiast at Anita var svært ung når ho starta karriere som turn-instruktør. Det er ikkje berre det at ho held seg godt, som ho jo og sjølvsagt gjer :) Som 13-åring starta ho opp i gymsalen på Undarheim og sykla rundt med ghettoblaster’en bakpå sykkelen. Å halde det gåande i alle desse åra står det stor respekt av! | | | Anita har vist oss kva det er som er viktige for å få til gode treningar! Eg har vore heldig å få gå i lære hjå Anita og vere vitne til hennar gode eigenskapar som trenar. Mykje av nøkkelen ligg i å ha det kjekt saman med ungane og vise glede og engasjement. I tillegg til å vera tydeleg, ha ein klar struktur på timane og vera godt førebudd. Ros og oppmuntring gjennomsyrar timane, og ungane legg inn eit ekstra gir. | | | Sjølv om Anita takka for seg no, har me ikkje heilt gitt opp håpet om at ho kjem tilbake til turngruppa i ein eller anna form. I denne omgang sender me ei stor takk til Anita for ein kjempe innsats! | | | Anne Margrethe M Vangsnes Trio turn | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |