Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Knepent tap i Rosendal

Klikk på bilete for full storleik
 
G14: Rosendal-Trio 1-0. Tettpakka vekeslutt for G14, med kamp i Rosendal i dag, kamp mot Halsnøy i morgon og kampar mot Etne og Ølen på søndag. Godt vi har vel 20 spelarar å plukka blant. Dagens kamp vart tett og jamn. Vi viser stadige framsteg og bydde dei sterke rosendelingane dugeleg kamp. Avgjersla fall 5 minutt før full tid.
 
Klikk på bilete for full storleik
God kamp av Martin.

Vi var eit godt stykke unna Rosendal sitt nivå i fjorårsesongen, så då tydar det på at vi har teke steg framover i vinter, når vi no spelar jamnt med dei. Det vart ein tett og sjansefattig kamp, der vi ser at vi er mest vane med å spele på små flater. Å nytte heile breidda på banen når vi spelar 11ar, kjem ikkje av seg sjølv. Her var det mykje rom vi gjekk glipp av.

 

Førsteomgangen var heilt jamnspelt. Rosendal starta sterkast, og avslutta sterkast, men i midten var vi hakket betre. Så mange store sjansar vart det likevel ikkje. Mads hadde vår eine store, medan Rosendal bomma for ope mål. Men mållaust midtvegs.

 
Klikk på bilete for full storleik
Solid stopparspel av Espen.

Spelemessig fekk vi enda litt meir dreis på det etter pause. Vi var fullt på høgde med motstandaren og var vel så farlege offensivt. Benjamin traff tverrliggjaren og både Lars og Martin hadde nesten kome til gode sjansar. På tampen fekk vi også to store moglegheiter, først med eit heise hardt langskot frå Tarmo og så med ein overgang der Sander kom åleine gjennom utan å lukkast. Bakover hadde Espen og Tarmo imponerande god kontroll på Rosendal sine raske offensive spelarar.

 
Klikk på bilete for full storleik
Stor kamp av Tarmo.

Men fem minutt før slutt avgjorde heimelaget då spissen fekk stå åleine i feltet på ein retur. Litt kjedeleg, men gutane skal ha ros for mykje godt spel og det må sjåast på som eit stort framsteg når gutane er misnøgde med knepent tak for dei sterke karane frå indre luten. Bestemannspremien i dag går til Tarmo, som er blitt imponerande rask og sprang opp den eine lynvingen etter den andre.

 

I måro er det altså kamp mot Halsnøy.

Kampfakta frå Rosendal kunstgras

G14: Rosendal-Trio 1-0 (0-0)

1-0 (65 minutt)

 
Klikk på bilete for full storleik
Knallhard jobbing på midten av Marcus.

Dommar: Tor Øystein Havnerås.

Trio sitt lag (4-2-3-1):

Tormod Sund Vårdal - Mathias Gjelseng, Espen Aakre Sjo, Tarmo Tars, Edvin Vågen Bjørgvik - Marcus Nilsen Mathisen, Brynjar H. Gjerding - Sander Dolonen Brækken, Martin H. Arnesen, Benjamin Skarveland - Lars Olderkjær Larsen - Mads Jørgensen, Daniel Sørtveit, Samson Nyrud Uppheim.

'

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart