|
Strålande kamp av smågutane |  | | Jublande gutar etter ein knallsterk siger mot Halsnøy. |
| | | | G14: Trio-Halsnøy 4-0. Smågutane sprudla verkeleg i fredagens kamp mot Halsnøy. Mange spelte sin første 11arkamp nokon gong og mange viste at dei har teke store steg framover i løpet av vinteren. Herleg å sjå at alle vågar å spele ball og at vi klarar å jobbe som eit lag både framover og bakover på banen. | | |  | | Banens beste: Storspel av Samson, som leverte sin beste kamp nokon gong. |
Flott kamp frå ende til annan av gutane. Dette var første kamp på full bane for halvparten av dei 16 vi mønstra på banen i dag, men den oppgåva vart løyst godt. Kjekt å sjå at mange står fram og viser ro og blikk for pasningsspel. Espen nærmar seg legendestatus som midtstoppar og gjorde det bra også da han vart flytta fram på midtbanen. Marcus og Samson meistrar stadig betre å kontrollere og spele ball sjølv i pressa situasjonar på midten og framme var lynraske Sander ein konstant trussel i bakrom. | | |  | | Lynkjappe Sander kom til mange sjansar. |
Men også mange andre markerer seg meir enn før. Ein særleg pluss til Yonas for herleg backspel! ' 1-0 kom midt i første omgang på eit framifrå angrep, der Sander kom inn frå sida og serverte Vegard framom mål. Sander var så sist på mål nr 2, då han runda keeper etter framspel frå Samson. 2-0 sto seg til pause. | | |  | | Espen er heilt konge for tida. |
Benjamin måtte nøye seg med ein omgang i dag, men var veldig frisk på kanten då han kom inn. Han trengte kun 3 minutt på å legge på til 3-0 med ein freidig chip over keeper etter at Jonas spelte han fri. Og på tampen la Vegard på til 4-0 med eit heftig skot over keeper frå skrått hald. Utover i andre omgang fekk vi mange sjansar i bakrom og både Espen, Mathias, Samson og Gaute kunne fort teikna seg på scoringslista. | | | Vel, dette skal vi uansett vera strålande nøgde med. Søndag ventar tøff motstand når vi tek turen til Etne for ei 4-lagsturnering mot vertskapet, Ølen og Skjold. Kampfakta frå KvednabekkjenG14: Trio-Halsnøy 4-0 (2-0) 1-0 (18 minutt) Vegard Fausk 2-0 (24 minutt) Sander Dolonen Brækken 3-0 (38 minutt) Benjamin Skarveland 4-0 (68 minutt) Vegard Fausk | | | Dommar: Oliver Lygresten | | | Trio sitt lag (4-3-3): Vegar Teigen - Edvin Vågen Bjørgvik, Espen Aakre Sjo, Marcus Nilsen Mathisen, Robin Steinsletten - Mathias Gjelseng, Jonas Teigen, Samson Nyrud Uppheim - Gaute Thorkildsen, Sander Dolonen Brækken, Vegard Fausk - Yonas Debesay, Anders Solheim Dyrhaug, Magnus Tera, Alen Foric, Benjamin Skarveland. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |