Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tapte kampen mot Ølen

Klikk på bilete for full storleik
 
Nei, ikkje ein sosialmedisinsk artikkel, men eit kort referat av G14 sin tur til Etne på 4-lagsturnering. Det endte med to tap og relativt svake prestasjonar, men elles ein veldig kjekk tur og eit triveleg arrangement.
 

Hektiske dagar for G14, som hadde treningskampar både torsdag og fredag, samt at nokre bidrog for G13 sin kamp i går også. Vi reisten med heile 17 gutar, noko som gjorde det påkrevd med mange bytter undervegs i kampane.

 

Først ut var kamp mot vertsklubben. Etne viste seg å vera eit sterkt lag, som etter trenaren sitt utsegn angra seg for ikkje å ha meldt på i 1.divisjon i årets seriespel. Og det hadde dei nok vore gode nok for. Betre enn oss var dei i allefall, og vi vart kraftig trykka bakover i første omgang. Sjølv var vi ikkje 'påskrudd' og heile laget var veldig passive og tafatte. Utanom Tormod, som sto legendarisk i mål. Han redda oss ved mangt eit høve og var einaste årsak til at det berre sto 1-0 midtvegs.

 

Vi gjorde 4 bytter i pausen og 2 rett etter, og fekk i allefall opp aggresiviteten og viljen til å gå i duellar. Men pasningskvaliteten var det så som så med, og i denne omgangen fekk Etne mykje meir utteljing. 6-0 var mykje, men begge omgangar sett under eitt: akkurat som vi fortente. Vel var Etne gode, men vi kan betre enn dette, karar!

 

Så var det Skjold sin tur til å sikre seg finaleplass med siger mot Ølen, medan vi søkte ly for regnet i saloonen, der det også var kaffi, bollar og saft, samt ein ubetydeleg engelsk kamp på skjermen.

 

I bronsefinalen vart det då møte med Ølen og forutan ein veldig rask og sterk spiss, burde dette vera eit lag vi kunne slå. Men vi var ikkje heilt på nett denne søndagen, og motstandarane fekk altfor lett kome til sjansar. Og mål. Tidvis var ubesluttsomheten og trykket i pasningane til å forveksle med eit handtrykk med ein våt polvott. Framover viste vi dog ved enkelte høve fine tendensar. Det gav oss 3 fine mål, alle signert Tarmo. Ikkje så ofte han noterer seg for hat trick. I fleisen fekk vi 6 mål i mot, og dermed endte det altså med nok eit tap. Kaptein Ole Martin var vår bestemann i denne kampen.

 

Alt i alt eit steg tilbake etter bra guts og tenning i kampane tidlegare i veka. No får vi trene godt i to veker fram mot seriestart. Takk til foreldra som var med på turen og sikra ein triveleg søndag så langt sør i Hordaland som det går an å kome.

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart