Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Uavgjort i sjeldan 11arkamp

Trio G13 - Odda G14 3-3. I ein treningskamp på Kvednabekkjen i går spela Trio G13 og Odda G14 uavgjort. Gutane skal spele 9arfotball i 13-årsklassen i år, men manna seg opp til 11arkamp mot 14-åringane frå Odda.
 
Klikk på bilete for full storleik
2 mål av Lars O. Larsen.

Kampen starta veldig godt for vår del, spelet gjekk langs bakken og gutane heldt god fart i ballen. Det gjekk difor ikkje mange minuttar før vi leia 2-0. Fyrst var det Lars som var frampå og sette inn 1-0, medan Daniel like etterpå satte inn 2-0 på straffe. Så jamna spelet seg litt meir ut og Odda kom meir med i kampen. Sjølv om dei ikkje klarte skapa dei heilt store sjansane, fekk dei ei litt heldig redusering midtvegs i omgangen. Men gutane jobba godt, og fortsatte det gode spelet, og det var difor ikkje ufortent at Lars satte inn sitt andre for dagen før pause.

 

Etter pause mista vi litt av banespelet og Odda var farleg frampå fleire gonger. Vi klarte ikkje å halda ballen langs bakken, og vart for unøyaktige i pasningane våre. Odda klarte difor å setja 2 ballar i nettet bak Torstein. Vi klarte å heva oss litt mot slutten av omgangen, men sjølv om vi klarte å skapa eit par gode målsjansar klarte vi ikkje å setja ballen i mål. Torstein rydda i tillegg opp eit par gonger der Odda var åleine gjennom, så alt i alt vart det eit rettferdig resultat.

 

Vi såg tydeleg at det var uvant for gutane å spele 11erfotball. Men det vart ei god treningsøkt mot eit bra Odda-lag, der gutane la ned ein stor innsats.

 

- OSA og Tore

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart