|
Endeleg seriestart |  | | Serien endeleg i gong for G14-gjengen. Her frå ein intern treningskamp i vinter. |
| | | | G14: Trio1-Trio2 2-7. Smågutane sparka offisielt i gong seriesesongen 2015 med dyst mellom dei to laga våre. Med 19 av 20 gutar frå G14 på plass, og ei god handfull frå årskullet under, var det meir enn nok smårollingar til å spele gjengens første offisielle 11arkamp. | | | Med 20 mann på G14-blokka har det gjerne vore dristug å melde på to 11arlag i serien, men planen er å låne litt frå G13 slik at det går i hop. Ein del rotasjonen blir det undervegs, men i dag var tanken å dele i to nokolunde jamne lag. Ingen storbom, men Trio 2 hadde litt meir tempo offensivt og vann på det. | | |  | | 3 mål av Sander. |
Trio 2 starta best og det tok berre 6 minutt før Anders scora sesongens første Triomål. På ekte hockeyvis, skot for styring. Ein susar frå Tarmo som det var vanskeleg å kome seg unna, og ballen endra nok retning til å overliste keeper. Etter kvart kom Trio 1 meir med i kampen og fekk løfta spelet opp i banen. 0-2 kom difor på eit surt tidspunkt, der utlikning i grunn såg meir sannsynleg ut. Men lynraske Sander D raste forbi, kom åleine med keeper og avslutta kaldt. Same mann la også på til 0-3 rett før pause. Litt bittert for Trio 1, som hadde fortent betre etter ein god omgang. | | |  | | Ei scoring på målsniken Daniel. |
I pausen snakka Trio 1 mest om at prestasjonen hadde vore god, men vi måtte unngå risikofylte pasningar sentralt, og heller få ballen ut i breidde - og ikkje minst: Meir opp i bakrommet. Som sagt, så gjort. Det tok berre 3 minutt før reduseringa var eit faktum. Martin spelte gjennom Daniel i bakrom, pang og 1-3. Men lynvingen frå det høge nord svara umiddelbart med å springe gjennom og sette sitt tredje for dagen. | | |  | | Martin var banens beste. |
Likevel var Trio 1 farlegare enn før pause. Det straffa seg dog bakover, for andreomgangen vart meir ustrukturert og med strekk i laget. Torstein la på til 1-5 etter corner, før Martin reduserte med eit perleskot frå spissen av 16-meteren. Martin var Trio 1 sin bestemann i dag, og kom til sin rett då han vart flytta opp som ving i andre omgang. Men han hadde trengtest sentralt i banen også, det var prisen vi måtte betale. | | |  | | Tomålsscorar Torstein. |
Utover i omgangen kom det nemleg ein del overgangar for Trio 2, som motstandaren ikkje hadde krefter til å demme opp for. Etter tverrliggjarskot i hin enden, kontra dei i stor fart og Torstein fekk dytte 2-6 i nota. Sidan scora Tarmo om lag på same måten. 2-7 og store sifre til slutt, men mykje positivt å ta med seg for begge lag. ' Neste runde er 7arkamp heime mot Moster på søndag for Trio 2, og bortekamp i Rosendal for Trio 1 på tysdag. Kampfakta frå KvednabekkjenG14: Trio1-Trio2 2-7 (0-3) 0-1 (6 minutt) Anders Solheim Dyrhaug 0-2 (28 minutt) Sander Dolonen Brækken 0-3 (34 minutt) Sander Dolonen Brækken 1-3 (38 minutt) Daniel Sørtveit 1-4 (39 minutt) Sander Dolonen Brækken 1-5 (43 minutt) Torstein Olderkjær 2-5 (48 minutt) Martin H. Arnesen 2-6 (53 minutt) Torstein Olderkjær 2-7 (61 minutt) Tarmo Tars | | | Trio 1 sitt lag: Vegar Teigen - Jonas Teigen, Espen Aakre Sjo, Mathias Gjelseng, Sander Simensen - Martin H. Arnesen, Simen Hellevik Lie, Mads Jørgensen - Vegard Fausk, Daniel Sørtveit, Gaute Thorkildsen - Yonas Debesay, Robin Steinsletten. | | | Trio 2 sitt lag: Tormod Sund Vårdal - Edvin Vågen Bjørgvik, Ole Martin Byrknes, Torstein Olderkjær, Joakim Heimvik - Marcus Nilsen Mathisen, Brynjar H. Gjerding, Tarmo Tars - Sander Dolonen Brækken, Anders Solheim Dyrhaug, Benjamin Skarveland - Samson Nyrud Uppheim. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |