Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

NM: Trio - Varegg 1-3

Klikk på bilete for full storleik
 
Trio tok i mot Varegg til 2.kvalifiseringsrunde i NM onsdag kveld. Varegg er ein av opprykksfavorittane i 3. divisjon og me visste at det kom til å bli ein tøff kamp. Og tøft blei det.  
 
Klikk på bilete for full storleik
Kjell Magnar hadde planen klar og lykkast med den i heile 75 minutt.

Martin og Haga gjorde ein svært god kamp og sprang mange kilometer.

Allkan scora Trios mål og herja mykje med Vareggforsvaret gjennom heile kampen.

Futsum overraska seg sjølv og publikum då han inviterte Vareggforsvaret til dans i deira 16 meter. Men han glømte dessverre å skyta.

Lagoppstilling Trio

 

Andreas Eide

Futsum Mebrathu, Ronny Hamre (C), Henrik L. Røssland, Aleksander Ekeland

Endre Eide, Håvard Haga, Martin Veastad, Eivind T. Saghaug

Allkan Abdulla

Roger Røssland

 

Reserva: Mats Ekeland, Dawit Kashay, Vegard Johnsen, Vemund L. Grønstøl, Andreas Thorkildsen, Andreas Charter Røyrvik

 

Trio-Varegg 1-3 (1-0)

 

1-0. 14 min Allkan Abdulla

1-1. 75 min

1-2 85 min

1-3 90 min

 

Trio starta kampen med å ligga kompakt og me skulle nekta Varegg å spela seg rundt på kantane. Me flytta beina raskt og hindra dei i å danna trekantar. Når me gjenvant ball skulle me finna ein kant og setta fart framover. Varegg hadde ballen mykje men klarte ikkje å trenga igjennom. Dei etterlate seg mykje rom på kantane noko me klarte å utnytta. Roger jagar ein håplaus ball som bli spelt tilbake til keeper. Keeper blir tvungen til å klarera men Haga og Eivind kjemper som galne for å vinna ballen. Eivind får til slutt ballen og speler Allkan fint igjennom aleina med keeper. I desse situasjonane gjer Allkan sjeldan feil. Pang! 1-0 til Trio!

 

Varegg virka å stressa litt etter at Trio tok ledelsen og begynte å gjera enkle feil. I tillegg flytta dei ballen svært seint noko som gjorde det enkelt for Trio å forsvara seg. Varegg synda også litt med den defansive jobbinga noko som gjorde at angriparane våre fekk mykje rom og kom til nokre sjansar. Allkan hadde eit skot i tverrliggaren, Futsum dansa inne i 16meteren og Martin var eit konstant uromoment då han skrudde på turboen. I tillegg hadde Haga, Eivind og Roger nokre skot som gjekk rett på keeper.

 

Då kampen gjekk til pause hadde dommaren delt ut ein brote med gule kort til begge laga. Eit tegn på at det var god tenning.

 

I pausen snakka me om å gjera om på spelet vårt. Skulle me forsøka å spela oss ut frå eigen keeper eller skulle me fortsetta å spela ut langt? Det blei avgjort å fortsetta i samme 'steamen' og spela ut langt. Heile laget måtte fortsetta å blø for drakto og prøva å ikkje masa på dommaren.

 

Varegg gjekk ut i 100 og satte Trio under eit solid press. Varegg fortsatte å trilla ball og Trio fortsatte å ligga kompakte bak. Ein merka at kampen utvikla seg i feil retning då Varegg kom til fleire og fleire sjansar. Å spela ballen til kast var også farleg pga ekstremt lange innkast frå Vareggkapteinen. Og det var på innkast at utlikninga kom. Etter ca 70 minutt vant Ronny som vanleg duellen etter innkastet og ballen for i boge ut mot vår 16 meter. Allkan bomma for ein gongs skuld på ballen då han skulle klarera og Varegg fekk ballen inn i feltet igjen. Varegg fekk stussa ballen vidare til ein umarkert spelar som låg og lurte på 7 meter. Han heada ballen i ein lang og høg boge over Andreas Eide som stod på feil fot og sklei då han oppdaga kva han hadde gjort feil. 1-1!

 

 

Eit slag i tryne for Trio som mista mykje av piffen etter det. Varegg pusha på og Triogutta blei trøtte i beina. 2-1 målet kom i det 85 minutt då Trio var på veg oppover. Varegg bryter på midten og fosser framover langs vår venstreside. Eit hardt innlegg finner ein spelar som har klart å lausriva seg frå markeringa og han banker inn ledarmålet frå 16 meter. Etter det foretar Trio fleire bytter for å prøva å få ei utlikning.

 

Charter og Thorkildsen kommer inn og Ronny blir flytta opp. I det 90 minutt får Trio ein corner. Me flytter opp det me har og blir enige om å legga corneren på bakerste stolpe. Men corneren blir lagt på fremste stolpe og Varegg får kontra igjen. Andreas Eide er no ute på 30 meter for å prøva å fanga opp eit langt framspel men er dessverre for sein. Varegg tupper ballen forbi Andreas og er no to mot Ronny. Det blir grei skuring ettersom Varegg kanten dytter ballen uselvisk til Varegg spissen som enkelt kan setta ballen i da tomma målet.

 

Varegg går derfor vidare med 3-1 etter at Trio leda kampen i 75 minutt. Eit kjedelig resultat men fortjent når ein ser kampen i heilhet.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart