Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Sterk serieåpning av jentelaget

Klikk på bilete for full storleik
Lagbilete frå serieopninga. Alle foto: Per Einar Gjerding.
 
J16: Trott-Trio 0-9. Jentelaget tok turen til Rommetveit og Prestegardsskogen torsdag kveld for serieåpning mot blåtrøyene vi har møtt kvart år siste 4 sesongane. Jentene har til gode å avgi poeng mot Trott desse åra og torsdag var det ingen tvil om kor poenga skulle. Etter 4-0 til pause, ga ikkje jentene seg før det sto 9-0 i protokollen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Kaldt og surt på Stord.

Trio fekk ein flying start på kampen med 2 relativt enkle mål før uret hadde passert 4 minutt. Dette kan ofte føra til at ein slepp seg ned og trur jobben er gjort, men ikkje i dag. Kontant forsvarsspel, der spesielt eldste jenta i flokken, Lisbeth, storspelte i midtforsvaret. Dette gjorde at Lea bakerst fekk lite å henga fingrane i. Mariel gjorde og comeback (ute) etter beinbruddet i fjor sommar og slapp ingen tll på høgresida i forsvaret. Madel og Synne N kompletterte på ein glimrande måte eit forsvar som sto samfulle 80 minuttar uten at vi registrerte meir enn ein stor Trott sjanse langt uti kampen. Då drog Dalland fram ein herlig dobbelredning, som det mest naturlige i heile verden etter 4 timar med håndball-samling på Stord tidligare på dagen :)

 
Klikk på bilete for full storleik
Ester med smell i kneet.

Framover gjer vi det vi alltid prøver på. Tar ned ball og prøver spele, alle som ein. Mange flotte kombinasjonar, ofte starta bakfra eller regissert av kaptein Ester og makker Synne B. Dei utgjer ein fantastisk god midtbane duo og styrte det meste i dag og. Mål scorar dei og, 2 på Synne B og 1 på Ester i dag. Ester fekk seg ein smell i kneet i sluttfasen av kampen og satt med ispose på benken då kampen vart blåst av. Ingenting alvorlig håpar vi.

 
Klikk på bilete for full storleik
Vilde sprang til krampa tok ho.

Kantane Vilde og June var stadig på farten. 3 mål av June i dag og masse gode bidrag frå «Scooter-Teigen» inntil krampen hogg til i leggen 10 min før slutt. Spissane Mirka, Susanne og Zumilana jobba utrettelig og spesielt Susanne viste god gammel form. Kun målet mangla for Susanne i dag. Mirka fortsatte der ho slapp i inne-sesongen og noterte seg for sine 2 første Trio mål. Vel fortent for jenta frå Gran Canaria etter å ha vore på alle treningar siste halve året (som Synne N).

 
Klikk på bilete for full storleik
Triorop før kamp.

Fleire av Trio-måla i dag kom etter mange pasningar og gode kombinasjonar. 8-0 målet var kanskje det flottaste. Eit godt oppbygd angrep fører oss opp på 20 meter fra Trott målet. Då bestemmer Synne B seg, sett fart og drar kjapt av 3 Trott-jenter med 2-fot-finter. Med bare keeper igjen sett ho ballen rolig til side og i buret. Vakkert :)

Neste kamp for jentene er heimekamp mot Etne om ei veke.

Kampfakta, Prestegardsskogen Kunstgras

1. div J16, Rogaland: Trott - Trio 0-9 (0-4)
0-1 (3 min) - Mirka
0-2 (4 min) - June
0-3 (12 min) - June
0-4 (39 min) - Synne B
0-5 (48 min) - Sjølvmål
0-6 (49 min) - Mirka
0-7 (59 min) - Ester
0-8 (62 min) - Synne B
0-9 (80 min) - June

 
Trio sitt lag:
Lea Sofie Dalland, Mariel Madsgård, Madel Gjerding, Lisbeth Voster Solberg, Synne Nissestad, June Eitrheim Pedersen, Ester Djuvstad, Synne Eide Bjørnebøle, Vilde Teigen, Susanne Pedersen Kabbe, Mirka Prieto, Zumilana Eldi.
 
 

- Trenar Per Einar Gjerding

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart