|
Jamnt i intern seriestart |  | | Trio J13 har to 9arlag i årets serie. Foto: Helge Sunde. |
| | | | J13: Trio2-Trio1 3-4. Sesongstart for jentene våre var i Valeparken torsdag 11. April. Mykje spenning i lufta blant jentene. Det var duka for lokaloppgjør med Trio 2 som heimelag. | | | Stad: Valeparken Dato: 11. April 2015 Trio2 - Trio1 3-4 Målscorarar: Trio1: Frida Nilsen (2), Trine Olderkjær (2). Trio 2: Sofie Lillesand (2), Ida Brix (1). | | | Dommar: Jarle Håvik Tilskodarar: Ja Heiagjeng: Ja, Sigurd og Sindre markerte seg. Foreldrene må bli flinkare å heie i lag (eller ikkje heie i det heile, seier mi:-) | | | Trio2 tok leiinga tidleg i første omgang, men i slutten av omgangen utlikna Trio 1. Det var mykje godt arbeid på midtbanen, men jentene har framleis utviklingspotensiale for å utnytte rommet på banen betre. Begge laga viste til tider ypparleg pasningsspel, og det var god innsats på begge sider. | | | | I andre omgang vart det ein liten målfest. Begge laga var ivrige, men Trio 1 starta hardt og fekk to snare mål, og gjekk opp i leiinga 3-1. Trio 2 henta seg mesterlig inn og hadde fleire gode angrep, men Cecilie og Anni stod som nokre klipper. Til slutt vart det opning, og Trio 2 utlikna til 3-3. | | | | | | Heilt i sluttminutta gjekk Trio 1 i føring igjen, og Frida Nilsen scora det avgjerande målet, og kampen enda til slutt 3-4. Flott innsats av to jamne lag. Me gler oss til å møta motstand utanfor klubben. | | | - Referent Siri Rusten | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |