Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tøff sesongstart for G19

Klikk på bilete for full storleik
 
G19: Trio/Rosendal/Halsnøy-Bergen Nord1 0-3. Tøff start på sesongen mot eit veldig solid lag frå Bergen Nord. Bortelaget dominerte før pause, men med 0-1 midtvegs klarte kvinnheringane å heve seg etter kvilen. Då jaga dei utlikning, innil kampen vart punktert 5 minutt før slutt.
 

Juniorane var svekka av ein skuleklasse på tur til Spania, noko som betydde 6 mann vekke. I tillegg var ei handfull til også utilgjengelege til kamp, men sjølv om Halsnøy ikkje bidreg så langt i årets juniorsamarbeid, så har vi ein brei stall og mønstra 15 mann til kamp. Rett nok var 5 av dei gutespelarar, men det gror godt i yngre rekkjer, så det er ikkje noko problem.

 
Klikk på bilete for full storleik
Sterk kamp av Rosendal sin G16-keeper Olav Lernes.

I første omgang var bortelaget eit hakk og to betre og dei stressa kvinnheringane i dei fleste situasjonar. Dermed vart det ikkje nok tid til å få til spelet vi veit gutane kan. Bortelaget var solide, både fysisk sterke og raske og godt organisert, med god struktur i både defensivt og offensivt spel. Så mange store sjansar kom dei likevel ikkje til, men ti minutt ut i omgangen hadde dei to headingar i tverrliggjar etter ein corner. Og etter halvtimen kom 0-1 då venstre kantspelar skar inn og overlista ein særs god keeper, Olav Lernes.

 

TRH hadde beste sjansen på ein overgang der Martin Veastad kom inn frå høgre, men frå skrå vinkel gjekk skotet rett på keeper. 0-1 midtvegs var rett og rimeleg. Men etter ein peptalk kom laget sterkare ut. Utover i andre omgang klarte kvinnheringane å rive til seg eit initiativ. Det gjekk raskare i lengderetning og vi traff betre med pasningane. I denne perioden vart det skapt fleire gode sjansar: Skot rett utanfor frå Dawit Kahsay, Emanuel Onasaka fekk nesten kontroll på ballen åleine mot mål, og Simen Røssland med ein susar av eit langskot. Men det vart med nesten.

 
Klikk på bilete for full storleik
Warhel Suleman var TRH sin bestemann i dag.

Mot slutten kjempa bortelaget seg inn i det igjen og demma godt opp bak. TRH tok større sjansar bak i von om utlikning og ein forsvarsmiss sendte Bergen Nord-spissen åleine gjennom. Med 5 minutt att på klokka punkterte han kampen sikkert. På overtid fekk dei også 0-3 på straffe etter ei unødvendig felling.

Alt i alt ein fortent siger til salhusarane. Men ein må ta med seg ei fin heving i andre omgang og at fleire spelarar då viser at det er godt potensiale i laget. Dagens bestemannspremie går til midtstoppar Warhel Suleman, som med stor fart, speleforståing og duellstyrke ruva i forsvaret.

 

Neste kamp er borte mot Os1 onsdag 22.april.

Kampfakta frå Rosendal kunstgras

G19: Trio/Rosendal/Halsnøy-Bergen Nord 0-3 (0-1)

0-1 (30 minutt)

0-2 (85 minutt)

0-3 (92 minutt) straffe

 

Tilskodarar: Ca 25

Dommar: Kjetil Næs

Gult kort: Olav Kvandal Myklebust, TRH

 

Trio/Rosendal/Halsnøy sitt lag:

Olav Lernes, Torgeir Bøyum (Eirik Wangensten frå 86 minutt), Olav Kvandal Myklebust, Warhel Suleman, Daniel Øvstebø, Vemund L. Grønstøl (Dawit Kahsay frå 45 minutt), Simen Røssland (Torstein Myklebust frå 87 minutt), Dawit Kahsay (Kristoffer Eskeland frå 35 minutt), Emanuel Onasaka, Sondre Myklebust, Martin Veastad.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart