Norges Handelshøgskoles Fotballklubb vart stifta i 2005, og spelar sine heimekampar på Åstveit like ved Åsane senter. Tabelltips frå avisa Sunnhordland gir grunn til optimisme for Trio. Avisa vurderer nemleg NHH som nedrykkskandidat. I sesongoppkjøringa har NHH har tapt treningskampar mot Fyllingsdalen 3 og Austevoll 2, men har og vunne treningskampar mot 3. divisjonslaga Arna- Bjørnar og Varegg. Uansett blir det ein tøff og krevjande kamp for begge laga. Vinnaren blir truleg det laget som legg igjen størst innsats.
|