|
Skrale saker | | G14: Rosendal-Trio1 8-0. Smågutane fekk det ikkje til i tysdagens 14-årsdyst i Rosendal. Vi er vane med at det er litt i tøffaste laget motstand for oss, men det er ingen grunn til å gjere det så enkelt som vi gjorde. | | | Første omgang er rett og slett tafatt. Ingen bretter opp ermene og trør til i duellane. Trur knapt vi lagde eit einaste frispark. Vi står og ser på at Rosendal får vinne duellane og trille ball. Og då er dei utvilsamt gode. Så mange store sjansar kom dei likevel ikkje til trass medvind, men midtvegs sto det 2-0. | | | Ein oppvask i pausen hjalp betydeleg og dei neste 25 minutta er mykje betre. Framleis mykje å gå på og 2 baklengs får vi då og, men vi trør meir til i duellane og får følgjeleg ballen meir i laget. Då skaper vi også nokre sjansar framover. Benjamin er nærast med 2-3 avslutningar. | | |  | | Benjamin var nærast scoring i dag. |
Så må to av forsvarsbautaene ut på tampen og vi går opp i liminga og slepp inn 4 nye baklengs siste 7 minutta, før kampens stødige dommar Jarand Naterstad blas for siste gong. Akkurat det var ikkje så nøye, det var meir skuffande at vi ikkje viste oss som mannfolk nok i første del av kampen. Sander og Benjamin spelar seg godt opp og får bestemannspremien i denne kampen. ' Det vart einaste kampen denne veka, før Moster har trekt laget sitt. På søndag skal Trio2 møte Halsnøy, medan Trio1 får besøk av Stord 3 på tysdag. | | | Trio sitt lag: Vegar Teigen, Jonas Teigen, Espen Aakre Sjo, Tarmo Tars, Yonas Debesay, Simen Hellevik Lie, Ole Martin Byrknes, Marcus Nilsen Mathisen, Sander Dolonen Brækken, Daniel Sørtveit, Benjamin Skarveland, Mathias Gjelseng, Vegard Fausk, Gaute Thorkildsen. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |