
Ronny stanga inn 2-1 målet.

Warhel debuterte på A-laget
Lagoppstilling:
Andreas Eide
Futsum Mebrathu, Ronny Hamre, Henrik Røssland, Aleksander Ekeland
Vemund Grønstøl, Håvard Haga, Endre Eide, Eivind T Saghaug
Allkan Abdulla
Roger Røssland
Reserva:
Andreas Charter Røyrvik og Warhel Suleman
NHH - Trio 4-3 (1-2)
1-0 6min
1-1 22min Ronny Hamre
1-2 40 min Allkan Abdulla
2-2 50min
2-3 60min Allkan Abdulla
3-3 69min
4-3 82min
Trio reiste til byen med kun 2 innbyttera pga skuletur (4stk) og sjukdom (2stk). Warhel var svært sporty som stilte opp på kort varsel.
NHH starta kampen med å pressa Trio høgt. Me klarte ikkje å holda på ballen og fekk mange brudd på oss. Me etterlot store rom og NHH gjekk fortjent opp til 1-0 etter bare 6 min. Eit skot fra 16 meter som Andreas kanskje burde tatt.
Trio la seg litt lavare og begynte å spela ball. Etterkvart klarte også me å utnytta dei store romma som NHH etterlot seg. Då det var spelt 20 min spelte Haga seg fint oppover langs venstresida. I ein duell fekk Trio frispark. Heilt ute på sidelinja og på linja med 16 meter slo Endre Eide perfekt inn til Ronny som kunne stanga inn utligninga.
Trio fortsatte å spela finfotball og spesielt Allkan stressa forsvarsfiraren deira til å gjera feil. Først snappa han ein tverrsoverpassning som han til slutt knuste i tverrliggaren så blei han fint spelt gjennom av Endre men bomma aleine med keeper.
Då kampen nærma seg pause kombinerte Eivind, Haga og Roger svært fint nede på venstresida. Roger forserte 2 mann og la fint ut til Allkan som enkelt kunne setta inn 2-1 frå 5 meter.
I pausen snakka me om å holda strukturen. Me måtte fortsetta å spela ball og vera forsiktige med å ikkje etterlata oss for store rom.
Andre omgang bølga svært mykje prestasjonsmessig. Til tider viste me flott angreps- og- forsvarsspel og i da andre øyeblikket virka det som om me gløymde kva me egentlig dreiv på med.
Det gjekk bare 5 minutt av 2.omgang før det stod 2-2. Frå skrå vinkel sendte ein NHH angripar avgårde eit skudd fra ca 15-20 meter som Andreas Eide såg ut som han hadde god kontroll på. Men då han skulle ned å plukke ballen så glapp den i gjennom klypene, mellom beina og så i mål.
Andreas gjorde det godt igjen 10 minuttar seinare då ein NHH angripar lurte seg bak forsvaret og kom aleine med han. Han rydda mesterleg opp og me unngjekk enda ein kalddusj.
I stadenfor skrudde Trio på turboen igjen og viste ganske bra angrepsfotball. Ballen gjekk nesten innom alle Trio-spelerane før Allkan blei spelt igjennom aleina med keeper og satte den kontrollert inn i mål. 2-3 og ny leiing til Trio
Men bare minuttar seinare stod det 3-3. Ein offside plassert NHH-angripar jaga ballen. Linjedommaren heva flagget og Trioforsvaret stoppa derfor opp. Men bak i frå kom NHH vingen lurande og snappa ballen. Han runda Eide og satte ballen i mål til store protesta frå Triospelerane. Dommaren ville ikkje høyra og dømte mål.
Trio var no inne i ein svært dårleg periode og me ga vekk mange innkast og frispark på grunn av slurv. På ein av mange cornera som me håplaust ga vekk, slo NHH hardt inn. Henrik kunne bare setja hovudet på ballen og klarera men lot ballen passera. Uvisst kvifor. Det blei ein klinsj inne i feltet der til slutt ein NHH spiss kunne pirka den inn i lengste hjørna.
Trio tapte årets første seriekamp. 3 av 4 mål gir me vekk. På det beste rundspeler me NHH.. På det dårligaste gir me dei mål. Til helga møter me Gneist som banka Telavåg på mandag. Eg trur heile laget er gira på å reise kjerringa etter det bitre tapet mot NHH.