Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Serieopning for G13 i 1.divisjon

G13: Trio-Bremnes1 3-5. I kveld var det klart for fyrste seriekamp for Trio G13 i 1.divisjon. Motstandar på Kvednabekkjen i kveld var Bremnes, som etter rykta stort sett hadde gjort reint bort i treningskampene sine i vår.
 
Klikk på bilete for full storleik
Tomålsscorar Ole-Tobias.

Fyrste omgang starta noko rotete, og ingen av laga fekk spelet til å sitja skikkeleg. Kanskje var det seriestart-nerver som gjorde at gutane ikkje var 'heilt på', det vart uansett ikkje noko finspel denne omgangen. Likevel tok det ikkje meir enn 7 minuttar før Trio gjekk opp i leiinga. Eit knallhardt hjørnespark langs bakken frå Isak, vart kontant ekspedert i mål av Ole Tobias frå 3 meter.

 
Klikk på bilete for full storleik
Snasen lobb av Isak.

Spelet fortsatte med å bølgja fram og tilbake, og etter 14 minuttar kunne Bremnes utlikna på eit frispark. Kun 2 minuttar etterpå tok Bremnes leiinga. Gutane våre jobba vidare, og hadde no ein liten periode der spelet vart betre. Det var difor heilt fortent at vi kunne utlikna etter eit flott angrep som enda hos Isak, som med ein fin lobb fekk Bremnes-målvakta heilt ut av balansen.

No gjekk det 10 minuttar med spel som stort sett gjekk føre seg på midtbanen. Gutane våre vart litt for veike i duellene i dag, og mot slutten av omgangen straffa det seg. Fyrst ved ein langpasning som Bremnesangriparen til slutt fekk med seg og satte inn 3-2. Så blir det 4-2 berre 2 minuttar etterpå, då vi blir for lite kontante og bestemte i forsvaret vårt. Litt surt å gå til pause med to så seine baklengsmål.

 
Klikk på bilete for full storleik
Solid kamp av Sander.
I pausen snakka vi om at vi måtte sleppa oss litt meir laus. Vi var for prega av situasjonens alvor, og fekk ikkje til det spelet vi veit vi kan. Gutane hang litt med hovudet, men vi vart einige om at dette kunne vi snu. Det vart difor ein skikkeleg kalddusj når Bremnes berre eitt minutt ut i andre omgang går opp i 5-2. Nok ein gong på eit gjennomløp i midten. Ein skulle tru at tøffare gutar enn våre kunne gje opp av mindre, men etter kvart som omgangen gjekk tok vi meir og meir øve i banespelet. Gutane brette opp erma og kjempa på. Vi vann litt fleire dueller, pasningane vart meir presise og bevegelsane rundt ballførar vart fleire og betre. Dei siste 20 minuttane gjekk difor spelet føre seg på Bremnes sin halvdel. 5 minuttar før slutt fekk vi endeleg utteljing for spelet. Ein fin stikker frå Martin, fekk etter kvart Ole Tobias krangla med seg, og åleine med målvakta sette han ballen sikkert i mål.
 
Vi var litt spente både små og store før denne kampen. Vi har valgt å melda gutane på i 1.divisjon i Sunnhordland-/Rogalandspulja, og lurte litt på korleis nivået var. Gutane våre fekk vist at dei absolutt heng med eit godt Bremneslag. Mot slutten av kampen viste dei og at dei er vel så gode. Vi tar og med oss at gutane aldri gjev opp. Det at dei klarar å snu spelet, og kampbiletet slik dei gjer dei siste 20 minuttane, vitnar om god moral og innsatsvilje. Ein litt famlende seriestart, som tok seg opp mot slutten av kampen. Vi gler oss til fortsettinga!
 
- Tore og Osa
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart