|
Storseier til jentelaget mot Etne | | J16: Trio-Etne 10-0. Eit skade- og sjukdomsplaga jentelag tok torsdag kveld imot eit nytt bekjentskap for jentene, nemlig Etne. Sjølv med 2 ute med skadar og 2 med sjukdom, var det klasseforskjell på laga og etter ein middels første omgong med leiing 3-0, enda det til slutt på tosifra og 10-0. | | |  | | Spente 13-årsjenter, Sofie og Christine. |
Jentelaget hadde i dag med 3 debutantar på lån frå J13, Hedda, Sofie og Christine. Hedda spelte heile kampen som keeper, mens Sofie og Christine og fekk godt med speletid denne kalde vårkvelden. Alle 3 klarte seg kjempegodt og kan vera stolte over debuten. 3 år opp er ganske mykje (bare ikkje for Martin Ødegaard:)). | | |  | | Hedda heldt nullen. |
Første 50 minuttane av kampen sleit vi litt med at vi var litt for ivrige i fremste leddet og vart avblåst for rekordmange offsides. Spesielt Mirka var mange gonger i offside og det er ikkje så rart når jenta kun har spelt 2-3 kampar som spiss med offside reglar. Så i første omgong var det ikkje frå spissane måla kom. Ledarmålet sette vår eminente straffeskyttar Synne N sikkert til sides for Etne keeperen, etter at Ester vart hekta i feltet. 2-0 sett Ester sjølv etter flott forarbeid av Susanne. 3-0 målet er eit av høgdepunkta i kampen. Flott angrepsspel der det til slutt blir lagt ut til Synne N som frå ca 20m skrått frå mål curlar den over keeper i lengste hjørne. Då var det nesten som kulden forsvant ei stund, flott mål og jubel på tribunen! | | |  | | Flott comeback av Ingvill. |
Vi må gjera fleire bytter tidlig då Lisbeth sleit med ein strekk i låret og måtte gå ut, Vilde måtte ut og Ester måtte kvila då ho følte seg litt uvel etter ei sprøyte på skulen i dag. Vi prøvde med ein trear bak i mangel på forsvarsspelarar (Ingvill fortsatt redusert etter skade) og litt ny midtbanekonstellasjon, men fekk det ikkje til å gli like godt uten kapteinen på banen. Med litt meir presisjon, timing og bedre avslutningar kunne det likevel omgongen sett under eitt stått mykje meir enn 3 til pause. | | | Vi vert enige om i pausen at vi har gjort ein ok omgong, skal nullstilla og gjera ein endå bedre andre omgong. Vi går rett ut og gjere ein kanon kontring som Susanne bankar inn ved nærmaste stolpe. Glimrande kontringsangrep som både Drillo og Eggen ville applaudert, som eit ballbesittande lag som oss aldri har trent på. Eit anna av dagens høgdepunkt kom nokre minutt etter då 13-åringen Sofie Lillesand ligg vannrett i lufta og bankar ein retur i nettaket på heil volley. Eit eventyr :) | | |  | | 4-målsscorar Mirka. |
Så etter 54 minutt er Mirka lei av offside og får justert seg eit par meter etter råd frå sida. Mot eit hasardiøst flatt forsvar som stod høgt uten press på ballførar handla det berre om timing og jentene sprang gjennom gong etter gong, etter gode stikkarar frå midtbane duo Synne B/Ester. Meir skulle det ikkje til før det vart «Mirka show» på Husnes; ekte hattrick på 11 minutt pluss eit fjerde 5 minutt før slutt. June, som hadde fått kvilt halve sluttomgongen, kom innpå igjen på slutten og fekk æra av å fastsetta sluttresultatet til 10-0 like før slutt. | | |  | | 2-målsscorar Synne N. |
Godt gjennomført kamp av jentene mot ein svak motstandar. Synne B fekk seg ein stygg smell i kneet og har merker etter 5 knottar der, men vi håpar midtbanegeneralen er klar igjen til lørdag. Då er nemlig Kopervik motstandar på Kvednabekkjen, eit lag som vi sleit med å scora mål på i fjor og som nok vert hardaste kampen så langt i år. Lea er venteleg klar igjen om 2 dagar, mens Ida og Zummi og er med då. Det betyr uansett at Kopervik skal få brynt seg denne gongen og :) | | | Kampfakta, Kvednabekkjen1. div J16, Rogaland: Trio - Etne 10-0 (3-0) 1-0 (10min) - Synne N (straffe) 2-0 (20min) - Ester 3-0 (29min) - Synne N 4-0 (41min) - Susanne 5-0 (45min) - Sofie 6-0 (54min) - Mirka 7-0 (57min) - Mirka 8-0 (65min) - Mirka 9-0 (76min) - Mirka 10-0 (79min) - June | | | Trio sitt lag: Hedda Sundsteigen Tangstad, Mariel M. Madsgård, Madel H. Gjerding, Lisbeth V. Solberg, Synne T. Nissestad, June E. Pedersen, Ester Djuvstad, Synne Eide Bjørnebøle, Vilde Teigen, Susanne P. Kabbe, Mirka J. Prieto, Ingvill M. Rusten, Sofie Lillesand, Christine M. Madsgård. | | | | Trenar Per Einar | | | | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |