|
Laurdag kl 15: Trio-Gneist | | Møt opp og sjå Trio-Gneist laurdag kl 15 på Husnes Stadion. Det er lova fint vær, og det ryktast at Allkan er i scoringshumør. Historiens vakraste mål vart faktisk scora av Allkan borte mot Gneist i 2010. Den då 15-16 år unge guten dribla vekk 4-5 mann i stor fart før han 'klinte' ballen i krysset frå 18 meter. Estetisk og brutalt vakkert. | | | Gneist spelar sine heimekampar på Liland ved Blomsterdalen som ligg ca 2 mil sør for Bergen sentrum. I 2013 måtte laget den tunge vegen ned i 5.divisjon. Men året etter var laget på plass i fjerde igjen. | | | Lokalavisa Fanaposten melder om ei ”bunnsolid Gneist-opning” av årets serie då dei overkøyrde Telavåg med resultatet 4-1. Trio er revansjesugne etter eit litt uheldig tap for NHH sist tysdag. Får Trio forsvarsspelet til å sitja, blir det vanskeleg for Gneist å ta poeng. | | | - Svein Jarle Mo | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |