Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Overbevisande seier til jentelaget

J16: Trio-Kopervik 3-0. Sjeldent trangt i Trio J16 sin garderobe før heimekampen lørdag formiddag. Vi var 17 jenter som var klar til å ta i mot Kopervik, eit lag vi hadde respekt for etter 2 knepne seire mot dei i fjor og det faktum at dei kom fra ein utklassingsseier 7-0 mot Trott torsdag. Dei skulle få det langt tøffare mot dei seiersvante Triojentene og måtta reisa heim til Karmøy med 0-3 i bagasjen fra Husnes.
 
Klikk på bilete for full storleik
Stor kamp av Mariel.

Etter 19-0 på dei 2 første kampane var viktigaste jobben før kamp å få jentene til å innsjå at det i dag ville bli ein langt tøffare kamp. Og jentene «var på» frå første spark. Vant det aller meste av duellar og det var stort sett spel mot eit mål. Forsvaret stod glimrande etter og sørga for gjenvinningar høgt i banen gong etter gong, noko som gjer at Kopervik aldri får etablert noko spel på vår halvdel.

 
Klikk på bilete for full storleik
1-0 ved Ester.

Det går 12 min før vi får hol på Kopervik. Mirka kjem seg fri til høgre ned mot dødlinja og får slått 45 grader ut til Ester, som sett ballen kontrollert langs bakken i lengste hjørne. Siste 25 av første omgong er det angrep etter angrep frå Triojentene, men det vil seg ikkje heilt føre mål. I denne perioden har vi spesielt eitt mønsterangrep som er rett og slett synd ikkje blir mål. Oppbygging med påfølgande frispeling på høgresida (June?) og hardt innlegg mot første stolpe der dagens Triodebutant Mari Omvik Furdal kjem i hundre og sett høgrefoten til. Det smell i aluminiumen like etter. Den hadde fortjent eit anna utfall, det angrepet var det stor klasse over! Omgongen ebbar ut med ein usedvanlig fortent, men knepen 1-0-ledelse til Trio.

 
Klikk på bilete for full storleik
2-0 ved Mari.

I pausen skryt vi av jentene for ein godt gjennomført omgong. Vi har dominert fullstendig og Lea er knapt borti ballen. Einaste vi ønsker endring på er litt meir variasjon i angrepsspelet - ikkje kun søka bakrom (som etterkvart blei fryktelig lite og pasningane blei litegrann for lange ofte og gjekk inn til keeper). Der det var eit hav av bakrom å springa i mot Etne, var Kopervik mykje meir kyniske og låg betydelig lavare i banen. Då må andre verktøy til for å åpna forsvaret. Vi oppfordra jentene til å prøva setta opp trekant/vegg spel om ein kom sentralt på 15-20m, for å gjera det verre for Kopervik å forsvara seg. Ellers fortsetta i samme sporet.

 
Klikk på bilete for full storleik
3-0 ved Mirka.

Jentene går hardt ut også i andre omgong og ønsker tydelig å punktera kampen. Lydige som dei er brukar dei kun 3 minutt på å auka leiinga - ved bruk av nettopp veggspel. Mari og Zumilana kombinerer fint og Mari avsluttar med ei kanon lavt til høgre for keeper. Kjempespel - kjempeskudd! Jentene ville ha meir og jobbar for mål 3 og kjører på framover. I det andre omgong passerer 10 minutt, avgjer vi kampen. Klarering frå Kopervik etter corner, Mariel plukkar opp og setter Synne B hurtig i spel igjen ute til høgre med ein presis og hard pasning. Ho driblar seg fri og kjem til dødlinja. Ser opp og finn Mirka ledig føre mål. Igjen pasning «45 grader» og kontant i mål av jenta frå ferieøya Gran Canaria.

 
Klikk på bilete for full storleik
Synne B var banens beste.

Siste halvtimen bytter vi masse. Det verkar som jentene er i ferd med å sleppa seg ned litt ein 5-minuttars periode (som er heilt normalt etter 3-0) og inviterer Kopervik litt opp i banen, uten at dei evnar skapa ein einaste målsjanse. Etter litt «coaching» og tilrop frå sidelinja hever jentene seg kjapt igjen og flyttar spelet opp igjen på Kopervik sin halvdel. Alle 17 jentene fekk bra med speletid. 13-åringane Sofie og Hedda var superklare då dei fekk beskjed om å varma opp og dei fekk siste 10-12 minuttane, Sofie som spiss og Hedda som høgrekant. Sofie scora sist og i dag viste Hedda ingen respekt som utespelar heller (keeper torsdag) og fossa ned høgresida gong etter gong og slo gode innlegg.

 
Vi spelar ein meget god kamp mot kvalifisert motstand i dag etter mitt syn. 22 mål etter 3 serierunder tilseier at vi har vore bra offensivt og det har vi åpenbart vore :)

Vil likavel i dag skryta litt over den defensive jobben jentene gjer. Ein målsjanse har jentene sluppe til på 3 fulle kampar. Dette fordi vi jobbar som eit lag defensivt, presser høgt i lag, låser innkast høgt i lag. Vi er og blitt veldig flinke til å falle av i forsvar når vi skal. Tøffe og dyktige jenter i forsvar, kombinert med ein svært løpssterk midtbane som ikkje sluntrar unna forsvarsjobben - og Super-Dalland bakerst då. Ikkje lett å scora på oss då :)

 

Mari Omvik Furdal høyrer til damelaget Rosendal/Trio. For å kunna bidra litt på vårt J16-lag har ho meldt overgang til Trio, då kan ho spela på begge laga. Mari viste seg som ein dyktig og positiv tilvekst til laget og gruppa. Ein meget god debutkamp av jenta frå Baronibygda. Kjekt å sjå Zumilana og Ida i aksjon igjen i rød drakt og, og at det ga meirsmak - håpar å sjå dåke alle 3 meir dei kommande vekene og månadane. Ingvill er tilbake frå skade og klarte seg veldig godt på venstrebacken.

 

Alle gjer jo ein kjempekamp i dag, men vi gløymer kanskje av og til å skryte over Synne B. Halsnøyjenta som trenar mest av alle på laget, legg også i dag ned ein enorm jobb på sentral midtbane. Høgt og lavt, heile tida. I dag satt og dødballane bedre og «Eide» var etter mitt syn banens gigant i dag - som ho for så vidt pleier vera mot Kopervik :)

 
No har vi kampfri på tabelltopp til torsdag 30/4, då er det bortekamp mot Djerv 1919, (dessverre) ein 7ar kamp. Trening mandag og torsdag til veka - alle som har vore i aksjon i kampane denne veka er sjølvsagt velkomne :)

Kampfakta, Kvednabekkjen

1. div J16, Rogaland: Trio - Kopervik 3-0 (1-0)
1-0 (12min) - Ester (assist: Mirka)
2-0 (43min) - Mari (assist: Zumilana)
3-0 (50min) - Mirka (assist: Synne B)

 
Trio sitt lag:
Lea Sofie Dalland, Hedda Sundsteigen Tangstad, Mariel M. Madsgård, Madel H. Gjerding, Lisbeth V. Solberg, Synne T. Nissestad, June E. Pedersen, Ester Djuvstad, Synne Eide Bjørnebøle, Vilde Teigen, Susanne P. Kabbe, Mirka J. Prieto, Ingvill M. Rusten, Sofie Lillesand, Mari Omvik Furdal, Ida Bruvik, Zumilana Eldi.

 

- Trenar Per Einar

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart