Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Stortap i Loddefjord

G16: Loddefjord1-Trio/Halsnøy1 6-0. Gutelaget gjekk på eit stortap mot Loddefjord 1. Etter spel og sjanser så var det fortent, sjølv om 4 min i starten av 2.omgang er det som øydelegg all spenning.
 

Uhorveleg tidleg avreise til Bergen laurdag morgon (07.00 frå Triohuset) for 13 spelesugne gutar. Lang tur, men stemninga var topp på veg oppover.

 

Loddefjord 1 hadde håpa å spele 1.divisjon i vår, men kom ikkje med blandt dei 12 utvalgte. Etter det me fekk erfara i denne kampen, så er ein vel ganske sikker på at dei kjem til kjempa om opprykk til hausten (2 beste rykker opp). For dei framstod som eit robust lag, med eit par solide duellspelera og stor fart over heile banen. Kampen opna enormt tafatt for vår del. Dei fyrste 10 minuttane spring me bare imellom og når me fyrst vinn ballen så tar panikken spelerane og ein slår ballen utan mål og meining. Dette kunne bli ein lang kamp!! Og etter 10 min står det 1-0. Innlegg inn i 16-meteren, som går litt fram og tilbake , endar til slutt hos ein umarkert spelar, som set den kontrollert i mål. Her står midtbanen og ser på utan å plukke opp motstanderar.

 
Klikk på bilete for full storleik
Positiv kamp av Nikolai.

Men etter scoringen kjempar gutane seg inn i kampen igjen. Ein går til i duellane og får etterkvart ballen ned på bakken. Ein ser og at forsvaret til Loddefjord er mulig å stressa med litt høgare press. Me kjem til eit par halvsjansar ved Ruben/Niko, og Marius er centimeter frå å stange ballen i mål etter corner. Pluss i denne perioden til Niko, som var livlig på si side, både defensivt og offensivt. Loddefjord har ein god miks av duellspelera, ballspelera og små, gode teknikkera. I perioden me heng med i kampen står me opp fysisk, er tidlig i press og er fornuftige når me vinn ballen. Framleis har me mykje å gå på når da gjeld samhandling offensivt i heile laget. Da blir litt for enkelt å lese for motstander og litt for upresist.

 

Loddefjord kjem ikkje til så mange fleire store sjanser utover omgangen og ein aner eit lite håp om at kampen kan snu når det bare står 1-0 til pause. Men den tanken slår ein fort frå seg når ein slepp inn 3 mål på 4minutt i starten av 2.omgang, 4-0! Var heile laget sprunge til Vannkanten??

 
Klikk på bilete for full storleik
16-årsdebut for Ole-Tobias (13).

Kampen var punktert og utover omgangen var det lite og ingenting som tyda på at ein skulle få eit hederlig resultat. Ein stoppar rett nok målrushet for ein periode, men da mangla ikkje på sjanser for Loddefjord. Og i løpet av dei 7 siste minuttane scora dei 2 mål til, slik at sluttresultatet blei 6-0. Me hadde ein stor sjanse når Ruben kjem åleine med keeper. Ole-Tobias (13 år) fekk sin debut på 1.laget og gjorde ein svært god figur i dei 25 minuttane han spelte. God ballbehandling og flotte forsøk på gjennomspel.

 

Me møter god motstand og må bare akseptera at me ikkje heng heilt med på det nivået Loddefjord viste i denne kampen. Men ein har heile tida visst at sesongen i år kjem til å bli relativt hard, med så stor andel 1.års guttespelerar. 2. divisjon i Hordaland er knallhard, når det bare er 2 puljer (tilsvarer 1.divisjon i Rogaland). Men me er heilt sikre på at dåke lærer mykje meir av å møte god motstand, enn å vinne alt i 3.divisjon.

 

Heldigvis er det bare 2 dagar til neste kamp. Eikelandsfjorden kjem på besøk til Kvednabekkjen kl 1830 mandag, og bør vera muleg å hamla opp med.  Då hevar me oss nokre hakk gutar og sørger for 3 poeng!

 

PS: Ein skal ALDRI vera blid like etter å ha blitt nedsabla 6-0, men da er og viktig å legga kampen bak seg og bare sørga for at ein hevar seg til neste kamp. Stemninga i bussen heim var heldigvis ikkje veldig prega av tapet. Halsnøybuen gleda seg nok veldig til å gå i kyrkja like etter heimkomst...

 

Laget (4-2-3-1):

Magnus Eide, Vebjørn Holmedal  - Vegar Hoff - Henning H.Solheim - Tobias Tvedten (Marcus Størksen 55.min), Patrick S. Fjelland - Jonas Tazo (Ole-Tobias Brendeland 55.min), Nikolai Mayer - Marius Quam - Simen Mehammer - Ruben Saug.

 

- Verner - 

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart