|
Målfest på Halsnøy |  | | Blide gutar etter storsiger: Bak frå venstre Robin, Samson, Benjamin, Peter, Edvin, Espen, Lars, Marcus. Framme Mads, Jonas (kun supporter idag), Sander, Tormod, Ole Martin, Martin og Anders. |
| | | | G14: Halsnøy-Trio2 3-10. Smågutane tok turen til Halsnøy i strålande vårver og varta opp med strålande angrepsspel. | | | Litt sløv start der vi ikkje er nok merksame på det heimelaget har å by på. Peptalken var av det særs offensive slaget og vi hadde fokus på å omstille til raskare spel i lengderetning når vi vann ballen, enn kva vi har fått til så langt i år. Men også bakover må vi på plass og ta ut nok dybde. Det gjorde vi ikkje i starten og eit frispark vart slått i bakrom og Halsnøy gjekk enkelt opp i 1-0. | | | Men det tok berre eit par minutt før vi var a jour. Mads la i støtte og Martin knalla inn utlikninga. Sidan tok vi stadig meir over kampen. Samson og Martin hadde ein dobbelsjanse der berre traff stolpen i løpet av 5 sekund, men vi måtte midtvegs ut i omgangen før Sander sette inn 2-1. Lars vendte opp og spelte han nydeleg gjennom. | | |  | | Samson på farten. |
Lars skapte mykje med gode røyrsler og pasningar på første eller andre touch. Han spelte fri Samson, som skar inn frå venstre og chippa over keeper og i mål. Sander følgde på og kontrollerte ballen inn, godt han ikkje berørte den, for han var nok i offsideposisjon då Samson avslutta. Så var det Lars sin tur etter eit strålande angrep. Ole spelte gjennom Benjamin på venstrekanten, og innlegget kunne Lars kontrollert styre i nota. I dene perioden gjekk det for fort for heimelaget, men kort etter reduserte dei etter at vår back slo ballen farleg inn i eige felt. 2-4 til pause, etter ein omgang med mykje fint offensivt spel. | | |  | | Espen var banens beste. |
Heller ikkje i andre omgang var vi heilt på hugget i starten. Halsnøy reduserte nok ein gong, då vi sto for høgt med midtbanen og ikkje klarte å stå i mot ein rask overgang. Halsnøybuane hadde eit par slike høver i andre omgang og då kjem dei med mykje folk. Heldigvis klarte stopparduoen Ole Martin og Espen å rydde unna ved dei andre høva. Kaptein Espen var knallgod i dag og får bestemannspremien. ' Offensivt sto vi bra på med mykje spel på få touch. Då var vi gode. Martin traff tverrliggjar og Lars dribla to og vart nekta scoring av ei fantomredning, men punktere kampen gjorde vi ikkje før kvarteret ut i omgangen. Då vart Martin lagt ned i feltet og Sander var sikker frå straffemerket. 3-5 og sidan såg vi oss aldri tilbake. | | |  | | Knallkamp av Lars, som også noterte seg for 4 mål. |
Derifra og ut var det kun Trio. Lars noterte seg for eit ekte hat trick på 8 minutt. Først eit tåskot etter at Martin rulla han fri, så var han frampå på retur etter å først ha servert Mads ein sjanse som keeper redda, og til slutt nok ein gong etter eit fantastisk angrep med 2-3 fine veggspel. Så tok Martin over med å sette inn dei to siste, begge etter hardt Triopress der avsluttarane sto i kø. ' 10-3-siger skal vi vera strålande nøgde med. No blir det tøffare med heimekamp for Trio 1 mot Stord 3 på tysdag og heime for Trio 2 mot sterke Bremnes 2 neste søndag. Kampfakta frå Halsnøy kunstgrasG14: Halsnøy-Trio2 3-10 (2-4) 1-0 (5 minutt) 1-1 (7 minutt) Martin Hjelmeland Arnesen 1-2 (18 minutt) Sander Dolonen Brækken 1-3 (24 minutt) Samson Nyrud Uppheim 1-4 (25 minutt) Lars Olderkjær Larsen 2-4 (31 minutt) 3-4 (40 minutt) 3-5 (49 minutt) Sander Dolonen Brækken (straffe) 3-6 (52 minutt) Lars Olderkjær Larsen 3-7 (58 minutt) Lars Olderkjær Larsen 3-8 (60 minutt) Lars Olderkjær Larsen 3-9 (63 minutt) Martin Hjelmeland Arnesen 3-10 (67 minutt) Martin Hjelmeland Arnesen | | | Dommar: Patrick Solheim Fjelland Eitt gult kort til Halsnøy. | | | Trio sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Marcus Nilsen Mathisen, Espen Aakre Sjo, Ole Martin Byrknes, Robin Steinsletten, Mads Jørgensen, Martin Hjelmeland Arnesen, Benjamin Skarveland, Sander Dolonen Brækken, Lars Olderkjær Larsen, Samson Nyrud Uppheim, Edvin Vågen Bjørgvik, Anders Solheim Dyrhaug, Peter Holmedal. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |