Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

A-laget Trio - Gneist 1-1

Klikk på bilete for full storleik
Roger er allerede ein legende i klubben og har no loggført sin 400 kamp som Triospelar. Imponerande!
 
I jubileumskampen til Roger Røssland tok A-laget i mot Gneist til årets første heimekamp på Husnes stadion. Været var flott og banen var nyklipt. Det einaste som mangla var eit fintspelande heimelag.
 
Klikk på bilete for full storleik
Endre scora Trio sitt mål på vakkert vis i 2 omgang.
Klikk på bilete for full storleik
Haga viser at han er i form om dagen og var ein av Trio sine beste spelera.
Klikk på bilete for full storleik
Andreas Charter Røyrvik hadde eit svært godt innhopp. Dessverre blei det bare nesten.
Klikk på bilete for full storleik
Martin viste stor hurtighet og parkerte forsvaret til Gneist fleire gonger.
Klikk på bilete for full storleik
Futsum la ned mange kilometer frå sin høgreback posisjon.

Lagoppstilling

 

Andreas Eide

Futsum Mebrathu, Ronny Hamre (C), Henrik L. Røssland, Aleksander Ekeland

Martin Veastad, Endre Eide, Håvard Haga, Eivind T. Saghaug

Allkan Abdulla

Roger Røssland

 

Reserva

Andreas Charter Røyrvik, Vemund Grønstøl, Mats Ekeland, Alexander Haugland, Dawit Kashay, Warhel Suleman

 

Trio-Gneist 1-1 (0-1)

 

0-1 38 min. Aleksander Gundersen

1-1 73 min. Endre Eide

 

Første omgang var jevn og begge lag sleit med underlaget. Det var mykje slurv og mange pasningar som ikkje traff der dei skulle. Gneist slo mykje i bakrom på hurtige spissar, men Trio fekk mykje hjelp av vinden som førte ballen ut over sidelinja eller inn til Andreas i mål. Begge lag hadde sin del av sjansar, men det var Gneist som først skulle få nettkjenning. Eit oppspel blir brutt på midten og Gneist fossar framover. Backane våre var på veg fram og Trio er i undertall bak. På vår høgreside er det vidåpent og det er her Aleksander Gundersen mottar ballen. Aleine med Eide gjer han ingen feil og Gneist leder 1-0.

 

Då dommaren bles laga inn til pause var det ingen som var nøgde med det dei hadde prestert ute på banen. I pausen snakka me om presshøgde og strukturen i laget. Me måtte bli tøffare i presset og visa at det var me som skulle styra kampen. Me måtte følga etter med laget samtidig som strukturen skulle opprettholdast. Me måtte også setja meir tempo på ballen og trøkka til i duellane.

 

Då 2 omgang starta var det eit heilt anna Triolag som kom på banen. Ballen for fort og laget stod høgt. Me la eit skikkelig press på Gneist og stressa dei i oppspelsfasen. Me fekk mange sjansar og burde ha scora opptil fleire gonger. Eivind hadde blant anna eit innlegg fra venstre som for forbi alle og traff innsida av stolpen. Men ballen trilla langs mållinja og til slutt vekk i frå mål.

 

Trio gjorde alt dei kunne for å mål og kasta innpå ein heiltent Charter Røyrvik for jubilanten Roger Røssland. Etter 73 minutt fekk Trio lønn for strevet. Etter mykje flott spel får Allkan til slutt ballen inne i 16 meteren. Han er feilvendt men ser at Endre Eide står fri på ca 16 meter. Allkan chipper ballen ut til Eide som på halv volley plasserer ballen med utsida av foten til høgre for keeper.

 

På tampen får Trio fleire sjansar. Ronny får foten på ein corner frå Eide men ballen flakser høgt over mål. Charter hiver seg fram på eit hardt innlegg frå Martin som har parkert oppassaren sin. Dessverre fyker ballen rett over mål. Lika etter blir jager Charter ein ball og kommer aleine med keeper. Men Charter kommer for nærme keeper som redder mesterlig. I andre enden får Gneist ein sjeldan sjanse når eit oppspel blir stussa i bakrom. Spissen deira kjem aleine med Andreas som virkelig har reist seg etter nokre uheldige innvolveringa frå tirsdagens kamp mot NHH. Han redder mesterlig og gjer at Trio ikkje går på eit begredeleg heimetap.

 

Då dommaren bles av kampen var det mange irriterte Triospelera ute på banen. Sjølv om kampen enda uavgjort så føltes da ut som eit tap. Me står på i andre omgang og det er bare små marginar som gjer at me ikkje tar alle poenga. Gneistlaget meinte at det er ikkje mange lag som kjem til å reisa heim med 3 poeng her i frå. Eg håpar og trur at det stemmer!

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart