Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Jamnt oppgjer

Klikk på bilete for full storleik
God kamp av Triojentene mot sterke Rosendal/Uskedal. Arkivfoto: Helge Sunde.
 
J13: Trio1-Rosendal/Uskedal 1-2. Det vart eit overraskande jamnt opgjer mellom desse to laga. Rosendal og Uskedal har denne sesongen slått seg i lag, og me visste at me kom til å møte eit sterkt lag. Men Triojentene beit godt i frå seg.
 

Trio 1-Rosendal Uskedal, 18/4 på Kvednabekkjen
Dommar: Isaac Jørgensen
Mål Trio: Sofie Lillesand

 
Klikk på bilete for full storleik
Scoring ved Sofie.
Det vart mykje kniving på midtbanen. Triospelarane var tett på Rosendal gjennom heile første omgang, og hadde i periodar godt pasningspel heilt i frå forsvar, midtbane til topp. Me ser framleis at ein har potensiale til å utnytte rommet på banen, og at ein må læra seg å bruke sidene i spelet opp mot motstandarane.
'
På slutten av første omgang løsna det for Trio, og etter ein krempasning frå Ida til Frida og vidare til Sofie, scora Sofie og tok Trio 1 opp i leiinga.

 

I andre omgang var det nokre særs ivrige Rosendal-Uskedalsjenter som ville revansjere seg. Dei pressa på Trio målet, og utlikna snart til 1-1. Etter over halvspelt omgang kom 1-2 scoringa, og Trio jentene vart noko passive, og rota det til for seg sjølve på midtbanen.

 

Cecilie, Anni og Else framsto som som særs solide i forsvar, og Trine kriga godt på venstre midtbane i dag. Me er særs nøgd med at jentene jobbar iherdig med å prøve å få til eit godt spel, og ikkje berre mose ballen mot mål. Det vert heilt klart ein spanande serie. Me ser fram i mot fortsetjinga.

 

- Siri Rusten

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart