|
Synne til Stord | | | J16 sin eminente midtbanespelar Synne Eide Bjørnebøle har valgt å søka nye utfordringar og har meldt overgang til Stord. | | Det har vore ein svært vanskelig prosess og beslutning for Synne, der ønsket om å prøva seg på høgare nivå måtte vegast mot det gode nivået, miljøet og samhaldet i Trio J16 som Synne etterkvart var blitt veldig glad i. Alle fordommar om rivalisering mellom Halsnøy og Trio forsvann første veka. Kommentarane på Facebook sida i går kveld ga eintydig bevis på både samhald, savn og lukkeønskningar til Synne frå lagveninner og andre rundt laget. | | Den blide Halsnøyjenta kom til oss som 14-åring og var i gang med 3. sesongen på det framgongsrike laget. Totalt har Synne fått med seg 34 seriekampar og har frå sentral midtbaneposisjon scora heile 19 mål på desse kampane, ein statistikk ein spiss burde vore godt nøgd med. To seriemeisterskap er vunne i Triodrakt. Ho har fått med seg sølv i Bø-Cup og deltaking i Dana Cup, men det desiderte høgdepunktet kom i slutten av januar i år då ho var sentral i å sikra kretsmeisterskap for Trio i Futsal for Hordaland, mot alle beste laga i fylket. Der var ho den store spelaren i finalen og scora også 2 mål i den kampen. Ho avslutta med 3-0 seier mot Kopervik heime på lørdag, der ho var banens beste på eit Triolag som spelte ein feiande flott fotballkamp mot eit godt Kopervik lag som blei statistar. I perioden i Trio skal det og nevnast at ho ikkje har stått over ein einaste kamp og har kanskje mista 2-3 treningar på over 2 år. | | Synne har med sin treningsiver og gode holdningar vore med og løfta heile laget og vil bli savna utover sesongen. Ho har gjennom desse 2 åra vore fast inventar på sone-/kretslag og har vist seg som ein av dei fremste spelarane i Hordaland i 99-klassen. Dette kom tydelig fram hausten 2013 i 1. div J14 (der ho og Ester dominerte midtbanen mot dei aller fleste), samt i Futsal KM i år. Vi er i Trio svært stolte over sammen med Halsnøy å ha fått fram eit talent som no vil sikta enno høgare innan fotballen. | | Synne forsvinn ikkje heilt frå Trio miljøet. Ho vil trena med oss på ein del mandagar og vil spela Norway Cup med Trio siste veka i juli:) | | Vi ønsker Synne lykke til med nye utfordringar og både håpar og trur du vil lukkast!! Vi vil definitivt følga med deg heile gjengen. | | J16 tar utfordringa med å bygga vidare på den gode seriestarten utan Synne. Vi håpar sjukdom og skader er eliminert hos Marie, Jannike og «Henri» snart, spesielt til neste 11ar kamp 7. mai. Før det har vi 7ar kamp mot Djerv 1919 i Haugesund 30. april. Vi starta i går kveld med ei svært god trening med godt humør og masse bra fotball. Om vi kan få litt hjelp frå J13, samt Mari F, Zummi og Ida skal vi nok klara bita frå oss også utan Synne :)
| | - Per Einar | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |